LING1111 – Fonetikk og fonologi 1

Kort om emnet

Elementær innføring i det vitskaplege studiet av språklydar frå ein allmennspråkleg og einskildspråkleg synsstad.

Kva lærer du?

Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om fonetisk analyse av språklydar, med hovudvekt på artikulatorisk og akustisk analyse. Dei skal lære å bruke transkripsjonssystemet til The International Phonetic Association (IPA) og det akustiske analyseprogrammet PRAAT. Dei skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om fonologisk teori, og lære å bruke denne kunnskapen i fonologisk analyse. Det blir lagt vekt på praktisk dugleik i både fonetikk og fonologi.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitenskap

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 36 undervisningstimer.

Det er éi obligatorisk kvalifiseringsoppgåve, som kan handle om fonetikk og/eller fonologi. Kvalifiseringsoppgåva vil bestå av fleire mindre oppgåver, og studentane vil få meir informasjon om dette ved semesterstart. Den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva må vere godkjent av faglæraren før studentane kan ta den avsluttande eksamenen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

4 timar skriftleg skuleeksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du kan skrive eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 12:22:26

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust

Emnet blir undervist på engelsk hausten 2024

Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
  • Engelsk
  • Norsk