Ekstratime 13.10.16 frå kl. 14.15 til 15.00, GS Undervisningsrom 1

Kjære studentar på LING1111 hausten 2016!

Torsdag 13. oktober tek vi ein ekstratime frå klokka 14.15 til 15.00 i det same undervisningsrommet som dei to ordinære timane, dvs. GS Undervisningsrom 1.

I denne ekstratimen skal vi sjå på bølgjeformer og sonagram. Fleire har gitt uttrykk for at dei synest dette er vanskeleg, og då kan det vere greitt å snakke litt meir om det.

Med venleg helsing frå Rolf

Publisert 11. okt. 2016 17:07