Informasjon om kapittel 6 i fonologiboka

Hei!

Dei to førstkomande torsdagane, 17. og 24. november, skal eg gå gjennom kapittel 6, Doing an analysis, i fonologiboka. Denne typen analyse, generativ fonologisk analyse, kan de vere heilt sikre på å få til eksamen — som eg har nemnt mange gonger. Difor rår eg dykk til å studere kapittel 6 nøye, og eg rår dykk alle til å møte opp i desse timane. All erfaring viser at fonologisk analyse, ikkje minst generativ fonologisk analyse, er svært vanskeleg å gjennomføre til skriftleg eksamen utan tidlegare trening.

Sist bad eg dykk om å sjå på oppgåva frå språket karok i (49) på s. 135—136 i fonologiboka før vi møtest att. Prøv å løyse oppgåva på eiga hand. Eg begynner med å gjennomgå denne oppgåva torsdag 17. november. Det er lurt å jobbe med oppgåva og finne ut om det er noko ein ikkje forstår.

Eg kjem til å gå gjennom analysane i kapittel 6 med tavle og kritt, ikkje med powerpointpresentasjon. Analysane blir difor heller ikkje lagde ut på fronter etterpå.

Helsing Rolf.

Publisert 15. nov. 2016 16:54