Meldingar

Publisert 7. juni 2007 11:27

Sensuren har falt, og resultatet ligger i Studentweb.

Publisert 28. mars 2007 10:52

Kjære alle saman! - Eg har fått eit tilbakefall, og ligg heime med feber og vondt i kroppen igjen. Undervisninga i LING2110 Afrikansk lingvistikk må avlysast i dag. Triste greier. Vi får sjå over påske korleis eg skal få teke att undervisninga. Mogeleg at vi må halde på litt lenger utover i mai. La meg få ynskje dykk ei god påske! - Beste helsing, Rolf.

Publisert 23. mars 2007 00:23

Det blir undervisning to ekstra måndagar: 26. mars og 16. april. Sjå den detaljerte undervisningsplanen.

Publisert 13. mars 2007 14:58

Eg er framleis sjuk, og må også avlyse førelesinga i morgon, onsdag 14.03.07.

Publisert 11. mars 2007 19:41

Kjære studentar på LING2110 Afrikansk lingvistikk!

Diverre må eg avlyse førelesinga i morgon tidleg (12.03.07), då eg har blitt sjuk.

Eg har prøvd å finne fram e-post-adressene til dykk alle, men eg manglar eit par. Dersom de ikkje høyrer noko frå meg, blir det undervisning onsdag. Eg tek då morfologien.

Det vill vere veldig fint om dei av dykk som ikkje har motteke ei e-postmelding med det same innhaldet, kunne sende meg ei e-postmelding, til <rolf.theil@iln.uio.no>, slik at eg har adressa til dykk alle.

Helsing Rolf --

Publisert 6. mars 2007 20:55

Det var 10 studentar som leverte inn den fyrste obligatoriske kvalifiseringsoppgåva. Alle oppgåvene er godkjende, medrekna dei som blei sende som vedlegg til e-post!

Publisert 5. mars 2007 12:32

Kjære deltarar på LING2110! Det er no på tide å finne fram til eit emne for semesteroppgåva. De står ganske fritt i valet av emnet, men det må godkjennast av meg før de set i gang med skrivinga. Fleire av dykk har allereie funne fram til eit emne, men eg vil at de alle sender meg ein e-post denne veka med framlegg til emne, og gjerne ein tittel. Greier de ikkje å finne på noko, så ta kontakt med meg på e-post, så kan me drøfte saka. Når de har funne fram til eit emne og fått det godkjent, vil eg gjere ein rettleiingsavtale med kvar av einskild av dykk, slik at me kan drøfte problemstellingar, disposisjon og litteratur. -- Eg ser fram til å høyre frå dykk! Beste helsing, Rolf.

Publisert 5. mars 2007 12:08

OBS!Det vert ikkje undervisning onsdag 7. mars. Me forskuvar programmet, og tek Typologi: Fonologi måndag 12. mars. Eg set opp den tapte dobbelttimen seinare i semesteret.