Ei lita melding i samband …

Ei lita melding i samband med den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva. Når de leitar etter metaforiske uttrykk i teksten, må de ikkje oppfatte verbet rose '(lov)prise' som eit døme. Det heng ikkje i hop med substantivet rose 'buskforma plante i rosefamilien'. På norrønt hadde verbet forma hrósa og substantivet forma rósa, og dette viser at dei ikkje heng i hop etymologisk. Hrósa er eit germansk arveord, medan rósa er eit lån frå latin.

Publisert 13. feb. 2009 09:53 - Sist endra 13. feb. 2009 10:03