LING2121 – Fonetikk og fonologi 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Dette er eit vidaregåande kurs i det vitskaplege studiet av tale og lydsystem.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane ha tileigna seg kunnskap og ferdigheiter som gjer dei kvalifiserte til å designe, gjennomføre og analysere eigne eksperiment knytt til vitskaplege tema kring tale. I tillegg vil dei ha opparbeidd seg metodisk kompetanse til å gjere kritiske vurderingar av kvantitativ forsking. Emnet har undervising saman med LING4111.

Det vert sette noko høgre krav for LING4111 enn for LING2121.

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

LING1111 – Fonetikk og fonologi 1

Overlappande emne

Undervisning

Undervisinga går over heile semesteret med totalt 20 timar.

Den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva vil bestå av fleire mindre innleveringar, og studentane vil få nærare informasjon om dette ved semesterstart. Kvalifiseringsoppgåva må vere godkjend av faglærar før ein kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Skriftleg semesteroppgåve på ikkje meir enn 10 sider (à 2300 teikn utan mellomrom).

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 14:22:44

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår
Eksamen
Vår
Undervisningsspråk
  • Engelsk
  • Norsk