Meldingar

Publisert 3. feb. 2009 16:16

Eg er lei for at eg ikkje for lengst har lagt ut ei melding her om den forseinka sensuren. Saka er – som dei fleste av dykk vonleg har fått vite – at eg blei sjukmeld 16. desember, dvs. rett etter at eg var heimkomen frå Etiopia og før eg hadde kome i gang med sensuren på LING4124. Eg var sjukmeld heilt til utgangen av veke 2 i år, rett før eg skulle byrje undervisninga. No ventar eg på reaksjonar frå medsensoren, som må ta dette innimellom alt anna. Så snart medsensoren er ferdig med sin jobb, kjem resultata. Med venleg helsing, Rolf

Publisert 22. okt. 2008 15:43

Det blir nokre endringar i undervisningsplanen. (1) Det blir undervisning torsdag 23.10. (2) Det blir ikkje undervisning onsdag 29.10. (3) Det blir undervisning torsdag 6.11. Sjå elles den detaljerte undervisningsplanen. Helsing Rolf.

Publisert 17. sep. 2008 18:59

Den ekstra torsdagsførelesinga kan vi ikkje ta enno. For meg må det bli ein av desse torsdagane: 23.10., 30.10. eller 6.11. Kan de sende meg ei melding og fortelje kva datoar som passar for dykk? E-post-adressa mi er <rolf.theil@iln.uio.no>. Helsing Rolf

Publisert 17. sep. 2008 14:08

Kjære studentar på LING4124! Eg er svært lei for at de måtte sitje og vente på meg i dag -- til inga nytte. I dag har eg prestert å gjere noko eg ikkje kan hugse å ha gjort sidan eg begynte å undervise på 70-talet: Eg har gått surr i klokkeslettet. Vi har time 10.15 onsdag og 12.15 torsdag. Eg møtte opp til time 12.15 i dag ... Der sat framleis Stephen -- og kunne fortelje at eg var sakna i dag! Eg håpar de les denne meldinga. Vi tek ein ekstra torsdag for å kome à jour. Helsing Rolf.