NAVN2162 – Personnamn
Kort om emnet
Emnet gir ei grundig innføring i etymologiske, filologiske, og kulturhistoriske sider ved personnamn, særskilt fornamn.
Hovudvekta ligg på norsk namnebruk, men også Norden og Europa for øvrig blir dregne inn.
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- forstå og nytte dei viktigaste kjeldene til norske personnamn frå norrøn tid til i dag
- gjere greie for korleis personnamn er bygde opp og kva som skil dei frå andre ord
- gjere greie for hovuddraga i norsk personnamnutvikling frå norrøn tid til i dag
Endeleg karakter syner i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Overlappande emne
10 studiepoeng overlapp mot NAVN4162 – Personnamn (nedlagt)
Undervisning
28 timar seminarundervisning. Undervisninga er felles med NAVN4162. Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve på 10-11 000 teikn utan mellomrom (ca. 5 sider) skal vera godkjend av faglærar før eksamen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23 000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett frist i slutten av semesteret.
Kjeldebruk og referansar
Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.
Eksamensspråk
Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.
Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.