Beskjeder

Publisert 2. des. 2010 18:11

Hei alle saman!

Så blir det altså slik at siste timen blei i dag 2. desember. Men det er framleis lov å sende e-post eller kontakte meg på andre måtar! Eg har no lagt ein del materiale på Fronter; i mappa Undervisning, i ei undermappe som heiter Eksamen haustsemestret 2010. Der ligg det stoffet eg presenterte i dag, som då altså var siste timen dette semestret. Lykke til med eksamen!

Beste helsing Arne

Publisert 1. des. 2010 14:53

Siste time 2. desember?

Ettersom det viser seg at timen 6. desember kolliderer med andre eksamenar for fleire av dei som går på 1106 dette semestret, lurer eg på om det kanskje vil vere like godt å la timen 2. desember bli den siste. Dersom det blir lite tid, kan me eventuelt halde på litt lenger enn ordinær tid; eg er nokså sikker på at rommet er ledig etter kl. 16. -- Endeleg beskjed blir gitt etter timen 2. desember.

Helsing Arne

Publisert 29. nov. 2010 00:08

Undervisninga 2. desember

Programendring denne dagen; sjå detaljert undervisningsplan,

Publisert 17. aug. 2010 20:23

Vel møtt til semesterstart!

Som oppvarming før første timen kan de gå inn og kikke litt på den private heimesida mi; der ligg det ein del språkhistoriske videoar. Under linken til Språklinjer finn de dessutan dessutan dei fleste norrøne tekstane i kompendiet til NOR1106 innlesne og utstyrte med grammatiske oppgåver i hypertekst.

Beste helsing

Arne