Nettresurs + kvalifiseringsoppgåver for NOR1106 …

Nettresurs + kvalifiseringsoppgåver for NOR1106 våren 2011

I siste undervisningstimen gjord eg merksam på at det ligg litt stoff på den private heimesida mi, som det kan vere nyttig å kikke på i samband med kurset. Dei fleste linkane er kanskje mest moro; den fagleg mest relevante linken for dette emnet er nok den som går til Språklinjer.

Eg har dessutan nyleg sendt ut ein e-post til alle, der eg har presisert krava til kvalifiseringssoppgåver på NOR1106. Eg vil særleg minne om denne passusen som står heilt på slutten av e-posten:

Dersom nokon av ein eller annan grunn ikkje kan levere ein munnleg presentasjon slik den ordinære ordninga føreset, må vedkommande ta kontakt med kursleiaren Arne Torp innan 1. mars, så skal eg sende eit tema for ei slik individuell oppgåve.

Beste helsing

Arne

Publisert 15. feb. 2011 09:42 - Sist endra 7. mars 2011 14:35