Beskjeder

Publisert 27. feb. 2012 14:38

Gladmelding til dei som ikkje har hatt kompendium for NOR1106:

No er kompendiet på plass i kopiutsalet i Akademika. Løp og kjøp!

Helsing Arne

Publisert 14. feb. 2012 15:43

Detaljert timeplan frå og med 6. mars

Som de ser, står det herifrå namnet på begge lærarane i kolonnen for forelesar, men her skal det snart i tillegg stå namn på ein eller fleire studentar, som skal presentere dei kapitla som er tema kvar gong. Det går an å melde seg på til oss alt no (på e-post), elles kjem me til å peike ut folk til å gjere dette når me møtest etter vinterferien (28. februar). -- Då håpar me på interessante timar også resten av semestret!

Beste helsing Arne og Hans-Olav

Publisert 11. jan. 2012 21:07

Velkommen til NOR1106 vårsemestret 2012!

No er det like før semestret startar -- første time er tysdag 17. januar, og då vil me to underskrivne ta imot dykk og orientere om kurset og setje i gang.

Som de vil sjå av den detaljerte undervisningsplanen, vil det bli fire timar kvar tysdag frå og med 24. januar og fram til vinterferien; deretter blir det berre to timar i veka. Til gjengjeld vil det bli meir eigenaktivitet frå dykk studentar seinare i semestret, men det skal me fortelje om etter kvart.

Men alt nå kan de gjere dykk litt kjende med ein viktig del av pensum, nemleg dei norrøne tekstane, som står i kompendiet, men som også ligg som inntala lydfiler her.

Då ønskar me vel møtt til første timen tysdag!

Beste helsing Arne og Hans-Olav