Velkommen til NOR1106 vårsemestret 2012! …

Velkommen til NOR1106 vårsemestret 2012!

No er det like før semestret startar -- første time er tysdag 17. januar, og då vil me to underskrivne ta imot dykk og orientere om kurset og setje i gang.

Som de vil sjå av den detaljerte undervisningsplanen, vil det bli fire timar kvar tysdag frå og med 24. januar og fram til vinterferien; deretter blir det berre to timar i veka. Til gjengjeld vil det bli meir eigenaktivitet frå dykk studentar seinare i semestret, men det skal me fortelje om etter kvart.

Men alt nå kan de gjere dykk litt kjende med ein viktig del av pensum, nemleg dei norrøne tekstane, som står i kompendiet, men som også ligg som inntala lydfiler her.

Då ønskar me vel møtt til første timen tysdag!

Beste helsing Arne og Hans-Olav

Publisert 11. jan. 2012 21:07 - Sist endra 27. feb. 2012 14:38