Undervisningsplan
Dei ti fyrste vekene blir den allmenne delen av pensum gjennomgådd etter planen nedanfor. Her vil også problemstillingar frå spesialpensumet bli dregne inn i den monn det er naturleg.
11. til 13. veke er undervisningsfri periode, da studentane skal lesa spesialpensum og arbeida med emneoppgåva, som skal skrivast innanfor spesialpensumet med bakgrunn i det allmenne teoripensumet.
Dei to siste vekene blir brukte til å ta opp utvalde emne frå spesialpensumet etter ønske frå studentane.
Den korte øvingsoppgåva skal vera ein munnleg presentasjon i ei av dei fyrste ti undevisningsvekene. Emnet skal vera anten teoretisk med utgangspunkt i det allmenne pensumet, eller det kan vera ei drøfting av eit spesifikt empirisk problem innanfor historisk syntaks.
Vekeplan: [Merk datoane 09.09. og 14.10]
25.08. Bakgrunn og perspektiv Faarlund: Revolusjon i lingvistikken, kap. 2 Lightfoot: The Developme...