NOR4103 – Norsk språkhistorie

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet tek føre seg dei viktigaste endringane i det norske målet frå urnordisk tid og fram til dei norske målføra i dag, og gjer greie for korleis norsk skil seg frå andre nærskylde mål i Nord-Europa. Emnet går igjennom språkhistoriske tekster med døme på desse språkendringane, og det vert gjeve ei ålmenn oversyn over prinsipp og teoriar om språkendring.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjera greie for dei viktigaste endringane i det norske målet
  • gjera greie for korleis språkendringar har gjort det norske målet ulikt andre nærskylde mål i Nord-Europa
  • gjera greie for ålmenne prinsipp og teoriar om språkendring
  • kjenna att viktige språkendringar i historiske tekster

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak til emnet

Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisinga og melda seg til eksamen i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.

Overlappande emne

Undervisning

28 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning tekstlesing. Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23.000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett dato i slutten av semesteret.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål) eller eit anna skandinavisk språk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 14:23:37

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår, Haust

Emnet vert gitt med ujamne mellomrom

Eksamen
Vår, Haust
Undervisningsspråk
Norsk