NOR4112 – Syntaks og morfologi i nordiske språk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet tek føre seg nyare syntaktisk og morfologisk teori brukt på moderne norsk språk, med noko kontrastiv jamføring med dei andre nordiske språka.

Kva lærer du?

Emnet gir innsikt i nyare grammatisk teori og øving i grammatisk analyse, og dermed ei djupare forståing av strukturen i norsk og dei andre nordiske språka.

Etter fullført emne skal studentane kunne

  • gjere greie for nokre sentrale idear i nyare grammatisk teori, både syntaks og morfologi
  • presentere sentrale grammatiske problem og vurdere ulike analyseframlegg
  • gjere greie for kva slags kunnskap grammatisk kunnskap er

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Obligatoriske forkunnskapar

NOR1100 – Norsk grammatikk eller tilsvarande kunnskapar.

Lingvistikkvarianten av examen facultatum er ein føremon.

Overlappande emne

Undervisning

28 timar seminarundervisning. Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei prøveforelesning

Eksamensspråk

Du kan svara på norsk, svensk eller dansk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 14:23:37

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning

Haust 2024

Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
Norsk