Beskjeder

Publisert 24. okt. 2011 00:18

Eg har lagt ei ny melding på Fronter. Elles kan de også klikke dykk inn her og kikke litt på ein tekst me skal sjå på i neste time.

Beste helsing Arne

Publisert 11. sep. 2011 20:12

Revidert versjon av undervisningsplanen

Eg har no gjort ein del viktige endringar i undervisningsplanen, som eg dermed håpar kan bli den tilnærma endelege versjonen. Så bed eg om orsaking for alt rotet!

Med sjølvkritisk helsing

Arne

PS: Alle på kurset er hjarteleg velkomne til å ete mat(pakke) i lag med kursleiaren og andre deltakarar frå ca. kl. 11.15 før fredagstimane. Me snakkast!

Beste helsing

Arne

Publisert 22. aug. 2011 15:25

Ete føremiddagsmat/lunsj i lag i kantina i Georg Morgenstiernes hus?

Som de har sett, begynner undervisninga i dette emnet kl. 12.15, dvs. akkurat på den tida då eg trur mange av oss plar ta ein matbite. Ettersom det ikkje går for oss som skal vere med på emna NOR2116/4116 dette semestret har eg eit framlegg til ein hyggeleg start på undervisninga. Rett utanfor undervisningsrommet vårt, nr. 141 i Georg Morgenstiernes hus, er det ei fin kantine. No på fredag 26. august kl. 11.15, kjem eg til å setje meg her med matpakke + eventuell kjøpemat og kaffi, og dersom fleire har lyst til å slå lag med meg, ville det vere veldig hyggjeleg. Dersom dette slår an, kan me gjere det til ein fast tradisjon heile semestret.

Velkomne til hyggeleg kaffidrøs før me set i gang for alvor!

Med optimistisk helsing Arne

Publisert 20. aug. 2011 14:36

Detaljert undervisningsplan + felles Fronter-rom for NOR2116 og NOR4116

No er begge desse tinga heldigvis komne på plass. Etter kvart vil det komme meir stoff i undervisningsmappa på Fronter. Følg med!

Helsing Arne

Publisert 19. aug. 2011 13:16

Timeplan for NOR2116 og 4116 - Nordiske språk i jamføring

Velkomne til semesterstart fredag 26. august kl. 12.15-14 i Georg Morgenstiernes hus, rom nr. 141. Det blir spennande å komme til eit heilt nyrenovert hus, og starte opp med eit flunkande nytt emne!

Ikkje heilt uventa er det då visse startproblem, men ganske uventa var det likevel at eg ikkje skulle greie å leggje ut detaljert undervisningsplan denne gongen, men slik er det altså. Inntil vidare ligg den altså berre på Fronter, der eg også etter kvart legg inn meir undervisningsmateriale. Då gler eg meg til å treffe dykk fredag den 28.!

Beste helsing Arne