Ete føremiddagsmat/lunsj i lag i …

Ete føremiddagsmat/lunsj i lag i kantina i Georg Morgenstiernes hus?

Som de har sett, begynner undervisninga i dette emnet kl. 12.15, dvs. akkurat på den tida då eg trur mange av oss plar ta ein matbite. Ettersom det ikkje går for oss som skal vere med på emna NOR2116/4116 dette semestret har eg eit framlegg til ein hyggeleg start på undervisninga. Rett utanfor undervisningsrommet vårt, nr. 141 i Georg Morgenstiernes hus, er det ei fin kantine. No på fredag 26. august kl. 11.15, kjem eg til å setje meg her med matpakke + eventuell kjøpemat og kaffi, og dersom fleire har lyst til å slå lag med meg, ville det vere veldig hyggjeleg. Dersom dette slår an, kan me gjere det til ein fast tradisjon heile semestret.

Velkomne til hyggeleg kaffidrøs før me set i gang for alvor!

Med optimistisk helsing Arne

Publisert 22. aug. 2011 15:25 - Sist endra 24. okt. 2011 00:19