NOR4123 – Germansk og indoeuropeisk språkvitskap
Skildring av emne
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Norsk og dei andre nordiske språka høyrer til den germanske språkfamilien. Denne språkfamilien er sett saman av nordgermansk (dei nordiske språka), vestgermansk (t.d. engelsk, tysk, nederlandsk) og austgermansk (gotisk, no utdøydd). Dette emnet skal sjå nærare på kva som kjenneteiknar desse tre greinene av germansk og kva som skil dei frå kvarandre. Den germanske språkfamilien er ei av mange greiner i den indoeuropeiske språkfamilien, saman med til dømes romansk, keltisk, baltisk, slavisk, gresk og indo-iranske språk. Emnet skal sjå på grunndraga i den indoeuropeiske språkfamilien, og på kva som kjenneteiknar den germanske språkgreina andsynes dei andre indoeuropeiske språkgreinene.
Kva lærer du?
Når du har gjennomført dette emnet, kan du
gjera greie for grunndraga i den indoeuropeiske språkfamilien
gjera greie for kva som kjenneteiknar den germanske språkgreina av indoeuropeisk
gjera greie for kva som skil dei tre hovudgreinene i den germanske språkfamilien frå kvarandre
kjenna att sentrale språkdrag i gamle germanske tekster
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.
Tilrådde forkunnskapar
Studentane bør ha kjennskap til grunnleggjande grammatikk og sentrale språkvitskaplege termar, anten frå andre innføringsemne i språkvitskap, eller gjennom eigen kunnskap.
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med NOR2123 – Germansk og indoeuropeisk språkvitskap.
Undervisning
14 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning med tekstlesing. Førelesaren skal godkjenna ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve før eksamen.
Godkjende kvalifiseringsoppgåver er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning.
Eksamen
Semesteroppgåve
Eksamensspråk
Eksamensoppgåva skal skrivast på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.