NOR4171 – Fordjupingsemne i nordisk språkvitskap: syntaks

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Det faglege temaet på dette emnet skifter frå semester til semester, men sams for alle er at det gjev studentane høve til å fordjupa seg i avgrensa spørsmål innanfor syntaktisk teori med fokus på dei nordiske språka.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunna:

  • ha innsikt i syntaktisk teori innanfor eit avgrensa område
  • kjenna til forskingslitteratur og aktuelle forskingsspørsmål innanfor eit avgrensa område
  • ta stilling til konkrete forskingshypotesar
  • ytra seg sjølvstendig om aktuelle forskingsspørsmål

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Emnet vert berre tilbudt dersom minst 5 studentar har meldt seg.

NOR2111 – Syntaks og morfologi i nordiske språk / NOR4112 – Syntaks og morfologi i nordiske språk eller

LING1112 – Morfologi og syntaks 1 eller

LING2104 – Morfologi og syntaks 2

Studentar som ikkje har teke nokre av desse emna bør ha kunnskap tilsvarande det som er på pensum om syntaks på NOR2111 – Syntaks og morfologi i nordiske språk, anten gjennom tidlegare kunnskap eller ved å lesa dette pensumet før emnet byrjar.

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 14 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning. Ei kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Kvalifiseringsoppgåva er berre gyldig det semesteret den vert godkjend.

Eksamen

Eksamen er ein 3-dagars hjemmeeksamen i slutten av semesteret.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 14:23:40

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår, Haust

Emnet går uregelmessig

Undervisningsspråk
Norsk