Tøysete vri på skipperskrøna

Boka Mordet på Lemuel Gulliver av Edgar Burås lovar ikkje noko ho ikkje held. Romanen vert nemleg innleidd med eit sitat av Jonathan Swift; ”Blessed is he who expects nothing, for he shall never be disappointed”, eit sitat som senker forventningane til lesaren, samstundes som det tydeleg set den humoristiske tona i boka.   

Bokomslaget viser et ridende skjelett

Bokomslag: Anders Bergersen, Superultraplus. Cappelen Damm

Å sitere Swift kjem ikkje ut av det blå. Boka handlar om ein mann, Edgar, som vil fordjupe seg i historia om Lemuel Gulliver. Han får tak dei sokalla Loxley-papira frå 1700-talet, som i fagmiljøet vert kalla ein pastisj. Dei 300 år gamle papira er historia til Gulliver frå eit anna perspektiv, og legg fram forteljinga og Gulliver som sann.

I notida av forteljinga dreg Edgar til Newark-on-Trent, heimstaden til Gulliver, og sug inn atmosfæren der. Altså skriv Edgar om Loxley, som skriv ei alternativ historie om Gulliver; ei metaforteljing vert skapt. Med dette bryt Burås ned den historiske barrieren. Boka er altså bygt på tre ulike tekstlege nivå frå ulike tider, noko Burås vekslar mellom på ein elegant måte. Ikkje berre vekslar Burås mellom dei ulike nivåa, men han leiker med dei. Meta-nivåa gir saman med den humoristiske og naive språkbruken verket eit postmodernistisk preg.

Gjennomgåande for boka er leiken mellom fiksjon og røyndom. Leiken kjem til uttrykk gjennom dei ulike komposisjonsnivåa til boka, der somme deler vert presentert som fiksjon og andre deler som fakta, sjølv om det til slutt viser seg at alt er oppdikta. Det synar seg ironisk at Swift speler på Gulliver som ein ekte person, når det same skjer parallelt ved at Edgar latar som om Loxley er ekte. Leiken mellom fiksjon og røyndom kjem òg til uttrykk gjennom forfattaren si bruk av pseudonym.

Det å skjule seg bak eit pseudonym kan ein dessutan knytte til maskemotivet i boka. Allereie i innleiinga, som står fram som særs medrivande og underleggjerande, møter vi den fyrste hestemaska. Seinare i boka, forkledd som ein hest med maske og hestemøkk smurt utover kroppen, oppsøkjer Loxley det som synar seg som ein heilsprø Gulliver. Ein kan lesa maskemotivet metaforisk på det problematiske forholdet mellom fiksjon og røyndom: Må røyndommen verte maskert for at han skal stå fram som forteljing?  

I tillegg til dei ulike nivåa av røyndom som ein finn i komposisjonen til boka, er det sporadiske ”faktaboksar” som presenterer nokre tema som dukkar opp. Til dømes er det ei forteljing om hulderfolket (”hylja” er norrønt og tydar skjule, igjen vert maskemetaforen sentral). Forteljingane er sjølve erfaringsgrunnlaget vårt, anten dei kjem til uttrykk gjennom litteratur og kunst, eller i munnleg i form av samtalar. Vi erfarer røyndommen gjennom forteljingane til medmenneske. Skipperskrøna er ei forteljing som i botn kanskje inneheld ei sanning, men som har vorte blåst opp til det uattkjennelege. Soleis kan einkvan forteljing kallast ei bitte lita skipperskrøne. Leiken og det absurde i boka kan ein lesa som ein kommentar til dei rådande litterære trendane i dag, kor litteraturen dei seinare åra har hatt eit alvorstungt preg.

Boka står fram som eit friskt pust blant annan alvorstung litteratur, sjølv om ho stundom vert litt i overkant flåsete. Boka er konseptuelt spanande, og gir ei god lesaroppleving som inviterer til humring.

Emneord: bokmelding, Edgar Burås, pseudonym, fiksjon, skipperskrøne Av Ragnhild Akselberg Tonheim
Publisert 8. apr. 2019 13:00 - Sist endret 26. apr. 2019 21:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

Om bloggen

En blogg om, av og for litteraturens mellommenn og -kvinner.