Historieskriving og romanen – haust 2017

Emnet vil hausten 2017 handle om narrative tekstar. På emnet vil vi diskutere og studere tilhøvet mellom historieskriving og romanen. Kva skil dei to sjangrane frå kvarandre? Kva gjer dei like? Kva kjenneteiknar nordiske romanar med historisk stoff i dag?

Vi vil lesa nyare nordiske romanar som legg seg tett på eller dreg vekslar på historieskrivinga på ulike vis. Døme på historieskriving er med som grunnlag for å kunna kontrastere. Verka på pensum fell i hovudsak inn under to kategoriar: bedriftshistorier og historier om tida kring den andre verdskrigen.

Romanene er av Kjartan Fløgstad, Sara Stridsberg, Leena Lander, Roy Jacobsen og Dag Solstad. Ei særleg vekt blir lagt på verk frå Kjartan Fløgstads forfattarskap for å fange opp korleis relasjonen til historieskrivinga kan utvikle seg over tid.

 

Kristian Lødemel Sandberg

Publisert 9. mai 2017 09:03 - Sist endret 9. mai 2017 09:03