NOR4468 – Motiv- og temastudium: Fleirkulturell litteratur - kulturmøte, identitet og nyskildring av det nordiske

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Skjønnlitteratur skrive av nordiske forfattarar med migrantbakgrunn kan seiast å skrive nye identitetar inn i og i kontrast til dei gamle og dermed gje oss nye nasjonale forteljingar med multikulturelle dikursar. Tekstane vil bli studerte m.a. ut frå postkoloniale og postnasjonale teoretiske perspektiv (Benedict Anderson, Homi K. Bhabha, Edward Said) og ha fokus på korleis dei nyskildrar (”rewrite”) det å vera nordisk. Slike forteljingar (romanar, noveller, sjølvbiografiske framstillingar) er representasjonar for samfunn i endring, for integreringserfaringar og identiteskonstruksjonar, der omgrep som tid, stad og grenser er sentrale, og der eit dobbelperspektiv er gjennomgåande. Den språklege utfordringa vil også bli drøfta, anten det gjeld å tileigne seg andrespråket som litterært språk slik dei forfattarane som var migrantar har gjort (t.d. Kallifatides), eller språket si rolle i identitetsforhandlingen, slik det er for den svenske førstegenerasjonsforfattaren med migrantbakgrunn (Khemiri). Dennne litteraturen er også i ferd med å utvide den litterære kanon. Den internasjonale konteksten vil bli trekt inn, m.a. døme frå britisk og amerikansk litteratur.

Emnet vil omfatte 6 – 8 verk. Det er eit utval av dei ganske få av desse forfattarane som har slått gjennom både hos kritikarar og lesarar, skrivne i løpet av dei tre-fire siste tiåra. Verk av tre svenske, ein dansk og ein norsk av forfattarar som er migrantar vil, saman med eitt verk av ein førstegenerasjons nordisk forfattarar og eit verk frå britisk eller amerikansk litteratur, utgjere det skjønnlitterære pensum. Ca 300 sider teoretisk og litteraturvitskapleg stoff vil gje grunnlaget for arbeidet med desse tekstane ut frå dei perspektiva som er presenterte ovanfor.

Kva lærer du?

Studentane skal, i arbeidet med desse litterære presentasjonane av kulturmøteerfaringar, få innsikt i korleis skjønnlitteratur kan gje perspektiv på identitets- og integreringsprosessar og på to- og fleirkulturelle tilhøve. Dei skal også få kunnskap om og lære å bruke litteratur- og kulturteori og metodar knytte til fortolkinga av tekstar. To viktige perspektiv på tekstane vil vera hvv. relasjonen mellom individ og samfunn i fleirkulturelle kontekstar og det translingvale aspektet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet krev opptak på MA-nivå. Studentar på Program for litteraturstudier, Estetikkprogrammet, Program for kultur- og idéstudier og Lektor- og adjunktprogrammet vil bli prioritert.

Undervisning

Seminar med 2 undervisningstimer per uke og innlagte leseuker, i alt 15 uker. Seminaret er felles med bachelorstudentar (NOR2368). Studentane legger fram minst ein kortare kvalifiseringsoppgave (ca 5 sider - 12 000 tegn), skriftlig eller munleg, underveis i seminaret. Oppgåven(e) må vere godkjend av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen består av ei semesteroppgåve på ca. 10 sider (23.000 teikn). Tema for semesteroppgåva tek utgangspunkt i pensum og blir fastsett av student og faglærar i samarbeid. Målform: bokmål eller nynorsk. Oppgåva skal leverast innan fastsett dato i slutten av semesteret.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Haust 2010
Vår 2008
Eksamen

Same som undervisningssemester

Undervisningsspråk
Norsk