NOR4520 – Nynorsk for lektorstudentar
Skildring av emne
Kort om emnet
Nynorsk er ein sentral del av norskfaget i norsk skule, og fleirtalet av elevane får opplæring i nynorsk, enten som hovud- eller sidemål. Emnet gir deg inngåande kunnskap om det nynorske skriftspråket og kjennskap til korleis du kan arbeide med nynorsk i klasserommet. Du får øve opp skriveferdigheitene dine gjennom skriveøvingar og medstudentrespons.
Emnet femnar om det nynorske skriftspråket, den nynorske skriftkulturen, nynorskopplæringa i skulen, haldninga til nynorsk og språkstoda generelt i Noreg. Emnet gir godt kunnskapsgrunnlag for å drøfte ulike språkhaldningar, og vi ser nynorsken i samanheng med både retorikk og litteratur.
Kva lærer du?
Etter fullført emne har du tileigna deg:
kunnskapar om
- nynorsk, både som skriftspråk og skriftkultur
- korleis ein kan arbeide variert med nynorsk i klasserommet
- korleis ein kan analysere, tolke og formidle nynorsk skjønnlitteratur og sakprosa
- haldningar til språkleg variasjon med vekt på nynorsken si stilling
- forsking på nynorskundervisning
ferdigheiter i å
- skrive klår akademisk sakprosa på nynorsk i tråd med gjeldande skriftnormer
- vurdere ulike nynorske tekstuttrykk og kvaliteten i språkføringa spesielt
- gi fagleg relevant respons på nynorske elev- og studenttekstar og kritisk drøfte haldningar til nynorsk, både i skulen og i samfunnet elles
- kritisk reflektere over målstoda i det fleirspråklege Noreg
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.
Emnet er berre ope for studentar på nordiskdidaktisk programspesialisering i Lektorprogrammet.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått PROF1015 – Profesjonsidentitet, læring og undervisning, PROF3025 – Ledelse av elevers læring og PROF4045 – Tilrettelegging for elevers læring
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med NOR4515 – Nynorsk med praksis for lektorstudentar.
Undervisning
Emnet blir undervist saman med NOR4515 nynorsk med praksis for lektorstudentar.
Undervisninga er organisert i 20t forelesingar og seminar. Det er obligatorisk å delta på 8 av 10 undervisningssamlingar.
I seminara vil du arbeide med å utvikle eigen nynorskkompetanse, utvikle undervisningsopplegg og med faginnhaldet frå forelesingane.
Obligatorisk aktivitet:
Det er obligatorisk å delta på 8 av 10 undervisningssamlingar.
Studenten må også levere og få godkjend ei obligatorisk, skriftleg kvalifiseringsoppgåve. Kvalifiseringsoppgåva er samansett og har følgjande komponentar:
- Levere 1-2 sider førsteutkast til semesteroppgåva.
- Gi tilbakemelding på førsteutkastet til ein medstudent, inkludert retting av nynorskfeil.
Alle delane av kvalifiseringsoppgåva skal skrivast på nynorsk.
I tillegg til litteraturen på pensumlista, som er felles for NOR4520 og NOR4515, skal studentar i NOR4520 legge opp ca. 150 sider med sjølvvald pensum. Pensumet kan med fordel knytast opp til semesteroppgåva, og skal godkjennast av faglærar.
Studentar som har fått godkjend kvalifiseringsoppgåva og som har deltatt i obligatorisk aktivitet, har rett til å gå opp til eksamen.
Eksamen
Eksamen er ei semesteroppgåve på 10 sider (à 2300 teikn utan mellomrom) som tar utgangspunkt i pensum. Første utkast vil få respons frå ein medstudent undervegs i semestret, og det er tilbod om respons frå faglærar på eit seinare utkast.
Eksamensspråk
Nynorsk.
Kravet om nynorsk er uavhengig av eventuelle tidlegare fritak.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.