FRA2511 – Frankrike og 1. verdskrig
Kort om emnet
I 1914 braut 1. verdskrig ut, der Nord- og Nordaust-Frankrike vart hovudslagmarka på vestfronten. Eit tilsynelatande sterkt politisk og sosialt splitta Frankrike greidde å samle seg (Union sacrée) for å stå imot det tyske åtaket, men det var først etter ein fire år lang og særs blodig og øydeleggjande skyttargravskrig at franskmennene og deira allierte kunne gå sigrande ut av konflikten. Frankrike var den krigførande nasjonen som leid dei største menneskelege og materielle tapa under denne krigen, som har vorte ståande som la Grande Guerre for franskmenn i ettertid.
Kva lærer du?
Etter ei innføring i årsakene til krigen får du ei grundig innsikt i korleis Frankrike greidde å samle seg i l’Union sacrée og mobilisere heile nasjonen til krigsinnsats. Du får kunnskap om sjølve krigsgangen (dei store slaga, t.d. slaget om Verdun) fram til sigeren i 1918, men òg om den alvorlege militære, politiske, sosiale og moralske krisa i 1917. Du får til slutt setje deg inn i dei mange og alvorlege følgjene krigen fekk både på kort og lengre sikt, og kvifor la Grande Guerre enno har slik stor plass i det kollektive minnet i Frankrike hundre år etterpå.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Ved for få påmeldte studenter vil undervisning og eksamen i emnet bli avlyst.
Førelesingar er opne for alle. Skal du fylgje seminar- og gruppeundervisning, må du ha undervisningsopptak til emnet.
På emne som har obligatorisk kvalifiseringsoppgåve, må du ha undervisningsopptak.
Forkunnskapar
Obligatoriske forkunnskapar
FRA1501 – Fransk historie fra Revolusjonen til i dag (nedlagt) eller FRA1502 – Fransk kulturkunnskap 2 (nedlagt)
Anbefalte forkunnskapar
FRA1501 – Fransk historie fra Revolusjonen til i dag (nedlagt) og FRA1502 – Fransk kulturkunnskap 2 (nedlagt)
Overlappande emne
10 studiepoeng overlapp mot FRA4515 – Frankrike og 1. verdenskrig (nedlagt)
Undervisning
Undervisninga vert gitt som 1 time forelesing og 1 time seminar i 14 veker.
Emnet har krav om obligatorisk aktivitet. Studenten skal levere ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve som må godkjennast av faglæraren før studenten kan framstille seg til eksamen. Meir om retningsliner for obligatoriske aktivitetar.
Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.
Eksamen
Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i Fronter.
Studenten må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet før han eller ho kan framstille seg til eksamen.
Eksamensforma på emnet er ein heimeeksamen på 3 dagar. Oppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi som er utforma etter gitte normer
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Ei obligatorisk melding som vedkjem fusk, skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.
Tidligere gitte eksamensoppgaver finner du her
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.
Evaluering av emnet
Tilbakemelding fra studentene våre er avgjørende for at vi skal kunne tilby best mulig undervisning. Som student ved UiO blir du bedt om å delta i ulike typer evaluering av studiehverdagen din. Hver gang et emne gis ber vi studentene delta i underveisevaluering, og med jevne mellomrom ber vi dem delta i en såkalt "periodisk evaluering" av emnet.