FRA4522 – La crise des années 30 et le Front populaire

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet tek først for seg dei økonomiske, sosiale og politiske sidene ved 30-årskrisa som fører til at den franske venstresida samlar seg i Folkefronten, vinn valet i 1936 og dannar den første sosialiststyrte regjeringa i Frankrike. Emnet tek så nærmare for seg den politikken og dei reformene Folkefronten gjennomfører for å få landet ut av krisa, til han går i oppløysing i 1938.

Kva lærer du?

Studentane skal få ei grundig forståing av samanhengen mellom den verdsfemnande 30-årskrisa og den franske, og av kva som særmerkjer den franske. Dei skal også få djupare innsikt i kvifor Folkefronten vart skipa, korleis han hadde tenkt å løyse krisa, kva for illusjonar han skapte, og kvifor han mislykkast og braut saman etter kort tid.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Førelesingane er opne for alle.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Bachelorgrad i europeiske og amerikanske studium, studieretning Frankrike (med min. 40 studiepoeng i fransk) eller tilsvarande kunnskapar, eventuelt ein BA-grad innanfor eit anna program som godkjenner emnet som eit masteremne. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan bli gitt etter søknad. Ein kan også ta emnet som eit fritt emne i ein mastergrad på eit anna program som godkjenner det.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot FRA2522 – La crise des années 30 et le Front populaire (nedlagt)

Undervisning

Undervisninga blir gitt som ein dobbelttime i veka (førelesingar og/eller seminar) i fjorten veker. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.

Emnet har ingen obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og inga oppmøteplikt til undervisninga.

Eksamen

Eksamensforma i emnet er ei semesteroppgåve på 8-10 normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på eit fellespensum (2 verk) og eit individuelt særpensum (1-2 verk). Emnet for semesteroppgåva blir valt av studenten i samråd med faglæraren. Undervegs får studenten tilbakemelding på eit utkast levert innan ein gitt frist.

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Ei ”Obligatorisk melding som vedkjem fusk” skal følgje med alle oppgåver som studenten leverer til karaktersetjing.

Eksamensspråk

Du skal skrive semesteroppgåva på fransk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren blir publisert på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdatoen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Vår 2006

deretter uregelmessig

Eksamen
Vår 2006
Undervisningsspråk

Fransk