FRA4620 – Fransk kulturkunnskap leseemne 2
Skildring av emne
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Studenten kan få godkjent to leseemne, som byggjer på eit pensum på tre-fire verk (800-1000 sider) som er sett opp i samråd med ein faglærar. Emnet skal ikkje ha noka tilknyting til masteroppgåva. Dersom emnet ligg tematisk nær eit 2000-emne som studenten har teke, skal det vere ei fordjuping eller ei kronologisk utviding, og det skal ikkje byggje på pensumlitteratur som vart brukt på det lågare nivået. Eit utval av primærkjelder kan vere ein del av pensum.
Kva lærer du?
Studenten skal på grunnlag av forskningslitteratur og/eller viktig kjeldemateriale på ein kritisk måte kunne framstille skriftleg eller munnleg eit sentralt aspekt ved det valde emnet.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.
Emnet krev opptak til masterstudiet i fransk
Det er manuelt opptak til emnet. Kontakt studiekonsulenten for fransk.
Undervisning
Emnet er basert på sjølvstudium i nært samarbeid med ein faglærar.
Eksamen
Vurderinga på emnet er ei semesteroppgåve på 10 normalsider (à 2300 teikn utan mellomrom), der både innhald og språkføring tel på karakteren. Oppgåva skal skrivast på fransk.
Oppgåva leverer du i Fronter. Meir informasjon om eksamensinnlevering
Kjeldebruk og referansar
Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.
Anna
Emnegrupper e.l. som emnet skal eller kan inngå i:
HFM2-EAS-FRA-VALG (V)