ITA2313 – Italiensk skjønnlitteratur frå det 20. århundre
Skildring av emne
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Gjennomgang av desse romanane:
Calvino: Marcovaldo, utvalde noveller
Svevo: Senilità
Ignazio Silone: Fontamara
Cesare Pavese: La casa in collina
Kva lærer du?
Studentene får oppøving i å analysere dei verka som blir studert både frå ein stilistisk og ein tematisk synsstad.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Forkunnskapar
Obligatoriske forkunnskapar
Generell studiekompetanse
Anbefalte forkunnskapar
ITA1101 – Italiensk språk og ITA1102 – Italienske tekster eller tilsvarande førekunnskapar.
Undervisning
Kurset går i haustsemesteret i 14 veker, fordelt på 1 dobbelttime i veka. 2 veker for oppgåveskriving.
Eksamen
2 obligatoriske heimeoppgåver: 1 tekstanalyse på 3. s. à 2300 teikn og 1 generell kommentaroppgåve på 5 s. à 2300 teikn som skal skrivast på italiensk og skal leverast i 2 eksemplarer til faglærar. Oppgåvene tel likt og får bokstavkarakter.