ITA2316 – Italiensk litteratur frå 1700- og 1800-tallet

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet inneheld presentasjon av tekstar og litteraturhistorie frå 1700-talet og av 1800-talet. Studentane vil få gjennomgong i sentrale italienske tekstar fra opplysningstid, førromantik, romantikk, verisme og dekadentisme.

Kva lærer du?

Studenten vil få sjølvstendig kjennskap til tekstar og straumar i den viktige brytningstida før og etter Italia vart samla.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Ved for få påmeldte studenter avlyses undervisning og eksamen i emnet.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Anbefalte forkunnskapar

ITA1301 – Italiensk litteratur: Innføring og ITA1101 – Italiensk språk eller tilsvarende kunnskapar

Lese- og skrivedugleik i italiensk.

Undervisning

Eit 14 vekers seminar med 1 dobbelttime i veka. Ein foreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver. Undervisninga på emnet er felles med ITA4302 – Italiensk litteratur frå opplysningstid og romantikk (nedlagt) og ITA4322 – Italiensk litteratur frå opplysningstid og romantikk (nedlagt).

I løpet av undervisninga skal studenten skrive ei mindre oppgåve på 3-4 s., som skal leverast innan ein avtalt frist. Oppgåva må godkjennast av læraren før framstilling til eksamen.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Les her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html

Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i CF. Studentar som ikkje klarer å nytte CF, må gå på kurs hos Student-IT.

Eksamen på emnet er ei semesteroppgåve på ca. 6-7 sider à 2300 teikn over oppgitt tema.

Ei Obligatorisk melding som vedkjem fusk skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.

Eksamensspråk

Italiensk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning

Tidligere hver vår. Ikke våren 2012.

Undervisningsspråk

Italiensk