ITA4318 – Eldre italiensk litteratur

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet omhandlar tekstar og litteraturhistorie på 1200-talet og 1300-talet. Studentane vil mellom anna få lese og få kunnskap om sentrale italienske tekstar frå mellomalderen og renessansen, med vekt på viktige forfattarar som Dante, Petrarca og Boccaccio.

Emnet finst òg i ein 20-studiepoengsversjon ITA4328 – Eldre italiensk litteratur.

Kva lærer du?

Etter fullført kurs vil studentene ha innsikt i ei rekkje sentrale verk og forfatterskap frå den italienske mellomalderen, renessansen, barokken og opplysningstida. Gjennom lesning av originaltekstene vil studentene utvikle praktiske ferdigheter i å arbeide med eldre litteratur.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Emnet krevjer opptak til master i italiensk, eller eit anna relevant masterprogram.

Ved få påmeldte studentar kan emnet bli avlyst.

Gode italienskkunnskaper, trening i å lese og fortolke tekster, noe kjennskap til grunnleggjande litteraturteoretiske problemstillinger.

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga vert gitt som 20 timar forelesing (10 dobbelttimar) og 8 timar seminar (4 dobbelttimar) i løpet av semesteret. Kurset føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver. Undervisninga på emnet er felles med ITA2318 og ITA4328.

Emnet har krav om obligatoriske aktivitetar: Du skal halde ein kort munnleg presentasjon på italiensk (av ein tekst eller rundt ei problemstilling) og levere ei skriftleg oppgåve (på 3-4 sider à 2300 teikn). Aktivitetane må godkjennast av læraren før eksamen.

• Det er krav om oppmøte til 60 % av seminarundervisinga. I dette emnet må du møte til 2 av 4 seminar. Kravet er absolutt.

Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om utsetjing. Informasjon om retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.

Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får difor ikkje gyldig forfall til undervisinga på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skuldast hindringar som du sjølv ikkje kan lastast for.

Dersom emnet har fysisk undervising og du er meld til ei fysisk seminargruppe, skal du møte til undervisinga i rommet som er oppgjeve i timeplanen.

Dersom emnet har digital undervising og du er meld til ei digital seminargruppe, skal du vere til stades med påslått skjerm.

I særlege høve, til dømes ved alvorleg eller langvarig sjukdom, kan du søkje om tilrettelegging.

Godkjend aktivitet er berre gjeldande noverande semester.

Eksamen

Eksamen på emnet er ei semesteroppgåve på ca. 10 sider à 2300 teikn over oppgitt tema.

Her finn du sensorrettleiinga for emnet.

Eksamensspråk

Italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karaktereren vert publisert i Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 11:26:05

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning

Vår 2023

Emnet går ikkje våren 2024. 

Eksamen
Vår, Haust
Undervisningsspråk
Norsk