Dette resulterte til eit resulterande resultat

Med tørre lepper etter all den plystringa, ein sår hals etter all den nynninga, tenkte Askeladden som så at her måtte han gå over alt og sjå om det han hadde gjort gav meining i det heile.

"Kom søvn og treng deg på, her skal du motstand finne!", braut Askeladden ut idet klokka tikka mot leggjetid.

Bildet kan inneholde: smil, leketøy, fiolinfamilie, fiolin, lykkelig.

Guten sjølv.

Kva var det eigentleg Askeladden var ute etter når han sat i kahytta og tasta på den vesle furumaskina si? Han skulle simulere solsystemet sitt og lære om rørsla til planetane. 

Det mest spennande resultatet han fekk var avviket på planetbanane som var på 0.26%. Men var dette godt nok? Askeladden tok på seg sine kosmisk-skala-briller og såg på avviket atter ein gong. Altså når ein pratar om AU, der èin AU er om lag 150 millionar kilometer, så kan eit avvik på 0.26% utgjere særs mange kilometer. Faktisk så utgjer det om lag 390 000 km! Samanliknar vi det med heimplaneten til Askeladden som har ein diameter på 9800 km, så er det like langt som nesten 40 slike planetar etter kvarandre. Då byrjar det å balle på seg! Kva kunne Askeladden ha gjort for å få eit endå mindre avvik? Som vi såg tidlegare så hadde han brukt 
18 000 tidssteg, som ikkje er så veldig imponerande dersom vi ser på det med kosmisk-skala-brillene. Hadde han brukt tidssteg oppe i milliontalet hadde han nok fått eit tydeleg mindre og betre avvik. Kvifor det? Altså det er noko valdsame avstandar i verdsrommet. 18 000 tidssteg hadde sikkert vore godt nok dersom han hadde simulert den gamle kompisen sin som spente av seg dei sju skippundslodda frå den eine foten og fòr til verds ende for å hente tevatn til kongsdottera, men det er ei historie for ein anna gong.

Dersom Askeladden skulle brukt tidssteg oppe i milliontala måtte han ha skrive om koda si til å gjere ho meir effektiv, eller han kunne ha venta eit par døgn på at programmet skulle køyre. Her er det stort forbetringspotensiale! Han kunne blant anna ha brukt Pythonmodulen Numba med jit som hadde effektivisert alt, men då måtte han som nemnd ha skrive om ein del av programmet sitt og undersøkt korleis han skulle ha fått det til å fungert. Men det er ikkje så godt internettsignal i verdsrommet, så han måtte setja ein sluttstrek ein stand, og det vert på 0.26% avvik. Nett no var det ingen rundt ham som kunne argumentere mot det, så det sa han seg til takke for.


Men stemmer dette da? Heldigvis for Askeladden hadde han slått av ein prat med Herr Kepler på den vesle asfaltbiten hans, og dimed lært om samanhengen mellom planetbanar og arealet dei sveiper over på forskjellige stadar, men over same tidsintervall. Desse to areala skulle nemleg vere like store, og kva er vel meir kvalitetssikkert enn å bruke det til å verkeleg vere sikker på om simuleringa er korrekt?! Men Askeladden, lat som han var, hadde diverre ikkje tid eller energi til å implementere dette i programmet sitt, men dersom han hadde det så hadde han gjort det på denne måten.


Så kva er det for slags solsystem Askeladden befinn seg i da? Det er nå vel det han har vakse opp i! Solsystemet Pjokknes på heimplaneten Tvønnoing! Eit lovande system med tilnærma sirkelbanar som vi kunne skimte på biletet i førre post. Nærmeste naboplanet er Eggre, men denne viste seg å vere ein planet med berre vatn. Askeladden var ikkje den beste på tunet til å symja, og skipet hans var skrekkjeleg baktungt med den påmonterte rakettmotoren, så hit ville han helst sleppe å reise.

Planet nummer tre heitte Fjerenes, men denne bestod berre av stein og ville ha vore frykteleg kjedeleg å utforske. Men planet nummer fire frå sola, Åtvekdal, såg særs lovande ut! Frodigt med vatn her og der, nesten som heime på Tvønnoing.

Askeladden rufsa seg i håret. "Det er eit stort og farleg eventyr eg har gjedd meg ut på, her eg seglar i rommet åleine og treffer på alt mogleg slags rare folk og fe. Det er ikkje for puslingar og fisefine kongelege dette her. Eg må vere tøffare enn dei tøffe, og smartare enn dei smarte, men ærleg skal eg vere!"

Følg med!

Publisert 26. sep. 2021 23:58 - Sist endret 26. sep. 2021 23:58