Take us in, Askeladden

Det magiske talet var altså 14km. Då er det berre for Askeladden å plugge det inn i programmet, og la teknologien gjere resten.

Bildet kan inneholde: himmel, hjul, sykkeldekk, dekk, sykkelhjul.

Atmosfæra kan skimtast i bakgrunnen idet Askeladden fører båten behageleg ned.

Når atmosfæregrensa vert plugga inn vil programmet automatisk leggje på 400km ekstra slik at astronautane våre unngår å måtte møte på friksjon i atmosfæra. Så vil programmet observere dei forskjellige banehøgdene skipet har i omlaup, plukke ut den lågaste høgda (periapsis) og rekne ut kor stor \(\vec{v}_{boost}\) dei treng for å få rett hastigheit til rett banehøgde ur frå denne høgda.

Askeladden slår til "køyr"-knappen til den sprikk. Han finn fram tollekniven og byrjar å spikke ny knapp.

Brrrrrrrrrrrr ping! Klikk....tikk tikk tikk og eit tikk til, kjem det frå datamaskina.

You are currently orbiting 1250km above sea level.

"Askeladden! Vi skal ned!" Tuslingen blir aldeles fortvila når han høyrer kvar dei befinn seg.

Askeladden klør seg på haka med tollekniven. "250km lenger opp... i staden for 520km lenger ned... eg trur kaaanskje at noko er feil. Men dette hadde eg sjølvsagt tenkt på! Så i staden for å gjere boosten med ein gong, simulerte eg i staden heile seansa på datamaskina!"
Askeladden smiler, tydeleg nøgd med forholdsregelen han tok.
Tuslingen ristar på hovudet. Stakkaren la ikkje ein gong merkje til at dei ikkje hadde bevega seg.

Som Askeladden innsåg så er det noko gale her! Men kva? Kan det kanskje vere at dei boostar på feil stad? Dei boosta i periapsis, men bana deira er tilnærma sirkulær så det skal eigentleg ikkje ha så mykje å seie. Dei har mest sannsynleg boosta feil veg. Hugs det vi gjekk gjennom tidlegare: for å redusere avstanden vår frå planetsentrum må vi minke rørsleenergien, og for å minke den må vi redusere hastigheita. Så her har dei nok gjort det motsette og auka hastigeheita.
Askeladden blir tung i hovudet av all denne tenkinga, og set seg ned på huk i ein krok på skipet.

Bildet kan inneholde: organisme, gjøre, lykkelig, magenta, kunst.

 

Tuslingen kjem tuslande bort til Askeladden.
"Går det bra, vesle?"

Plutseleg skjønar Askeladden alt.
"Oh yes, Magnhild. I feel so good!"

Askeladden hiv seg over datamaskina si og ordnar på hastigheita. Her er det berre å prøve seg fram, tenkjer han! Han legg til eit minusteikn på den fyrste boosten som skal få dei lenger ned, og følgjer med på resultata som kjem. Posisjonen han tek utgangspunkt i, altså posisjonen han vil befinne seg i når han gjer den fyrste boosten, har hastigheita berre ein y-komponent. Han prøver då fleire forskjellige hastigheitsendringar i y-retning slik som \(-200^m/_s\)\(-220^m/_s\) og \(-180^m/_s\). Kvifor akkurat desse? Det er rett og slett brre prøving og feiling. Medan han prøver ut desse hastigheitsendringane printar han ut høgda dei vil ha over overflata gjennom omlaupet. Så set han seg ned og ventar spent på resultata.

Dei verkar lovande.

Han kjem til slutt fram til at ein boost på \(-190^m/_s\) er godt nok, og går for den. Så får han programmet til å leggje inn den andre boosten, \(\vec{v}_{boost}\) som vi kom fram til tidlegare, på eit tidspunkt der banehøgda ligg mellom 414km og 500km.

Til slutt endar dei med ei banehøgde på 498.634776234969km. Kvifor så mange desimal? Det viser seg nemleg at banehøgda ikkje forandrar seg i omlaupet. Den er lik alle stadar... på nanometeren!
"Snodigt" mumlar Askeladden.

Det viste seg at det var ein skrivefeil i programmet...


Etter nokre bollar med graut, ei spekepølse, akevitt og litt opphengt julepynt fann Askeladden endeleg det gylne egget. 
Det var noko feile her og der som gjorde at den utprinta banehøgda ga feil tal, og at dei faktiske tala såg litt verre ut. Askeladden var litt flau og ville ikkje gå heilt inn på det, men det hadde noko med ein liten svipptur til innsida av planeten å gjere.

Tuslingen hadde for fyrste gong under den lange reisa trakta kaffe til Askeladden. Askeladden var særs takknemleg, og heiv seg over programmet med ny giv og mykje motivasjon. Resultat no var verkeleg lovande.

Føresetnadane for å utføre \(v_{boost}\) var no endra til å gjelde så fort skipet var under 414km o.h. Dette hjalp skipet til å unngå innsida av planeten, men den nye bana var overhovudet ikkje stabil. Høgda varierte frå 590km til 240km. Skrekkjeleg ustabilt!

Løysinga der viste seg å vere nedbremsingsboosten. Den som skulle få skipet til å falle inn mot planeten for å kome til rett høgd. Denne vert i staden sett til \(v_y = -150^m/_s\), og DA skal dykk sjå det vert stabilt ja! Hu og hei kvar det gå!
Bana vert no stabilisert med ei høgde som berre varierte med om lag 25km! Frå 400km på det høgaste og 375km på det lågaste. I særs god avstand frå alt som kan forstyrre skipet i sitt omlaup!

Bildet kan inneholde: produkt, rektangel, skråningen, gjøre, parallell.
Ei simulering av den nye stabile bana. Her er den grøne sirkelen overflata på Åtvekdal, og dei raude dottane er skipet etter visse tidsintervall.
Den nye stabile bana.

Det Askeladden kunne ha gjort for å finne ut kor elliptisk den nye bana deira er, er å rekne ut eksentrisiteten. Dette vert det diverre ikkje tid til.

La oss gå vidare!

Publisert 16. des. 2021 10:33 - Sist endret 16. des. 2021 23:51