Hvor mange ganger kan man drepe en ku uten at det blir kriminelt?

Tuslingen må nesten spy. Askeladden er limt til skjermen. De prøver å få kua til å lande pent og pyntelig ned på Åtvekdal i grotesk detalj. Også igjen. Også igjen. Også igjen...

Bildet kan inneholde: atmosfære, himmel, verden, natur, naturlige omgivelser.

Kua slippes avgårde ned mot Åtvekdal! Et enestående syn for alle om bord i båten.

Askeladden har allerede argumentert for en landingsprosedyre for kua, men hvor realistisk er det egentlig? Han setter seg ned foran tremaskinen og begynner på metoder for å simulere kua som forlater båten. Mye av formlene Askeladden skal bruke er allerede nevnt og begrunnet tidligere, men han trenger en måte for å flytte kua i tid. Kua har en gitt posisjon over planeten Åtvekdal med samme fart som båten. Senker vi farten, minker vi radiusen til kuas bane som fører til at den kan treffe planeten.

Det fyrste kua bør gjere etter å ha vorte sendt ut frå skipet er å utføre ein boost i t.d. negativ y-retning. Det vil gjere at kua byrjar å falle ned mot planeten, og landinga er i gang!

Det som gjer det særs enkelt for dei nå er at Askeladden kan bruke opp så og seie heile koda frå då dei gjekk ned til ei lågare bane. Dette programmet inneheld nemleg alt han treng av nåværande hastigheit og posisjon. 

Hadde dette vore ei ideell verd hadde Askeladden lagt inn alt som det her har vore gått gjennom så langt i programmet sitt. Luftmotstand, terminalhastigheit, boost for å bremse, osv. Men kalvinga var snart i gang og nokon i eit solsystem lang, langt unna lengta etter juleferie. Så kva blei då løysinga?

Du gissa rett. Prøving og feiling! I eit simuleringsprogram da vel å merkje. Tuslingen ville aldri ha gått med på å berre sende fine Aurikla av garde utan førehandsreglar. Du vil ikkje sjå Tuslingen sint.


Askeladden hiv seg i gang med utprøvinga. Han simulerar at han fyrst sender av garde kua med ei hastigheit på \(-\vec{v}\) i høve til skipet for å få ho til å falle ned mot Åtvekdal. Så skal kua falle over ei tidsperiode på om lag 3800s. Programmet han har skrive vil då sjekke om kua kjem nedanfor ei høgd på 500m over havet. Dersom kua kjem nedanfor denne høgda, skal fallskjermen utløyse seg. Etter dette skal rakettstøvlane avfyrast slik at kua ikkje bryt av føtane sine. Kua skal så gje frå seg eit dugeleg "Mø!" for å bekrefte at fallskjermen er ute og at rakettstøvlane er avfyrt.
Dersom kua ikkje kjem under denne høgda, vil ho berre halde fram i bane heilt til ho skulle kome under denne høgda. Her gjeld å treffe rett på den fyrste boosten!

Og her er det ikkje verdt å leggje skjul på nokon ting.
Han prøvar fyrst ut å booste med \(\vec{v} = (-200^m/_s, -200^m/_s, 0)\). Kua kjem ikkje noko særleg lenger inn mot planeten. 
Så prøvar han \(\vec{v} = (0, -200^m/_s, 0)\). Kua kolliderar med planeten og bli til ein haug med kjøttdeig.
No prøvar han fleire forskjellige verdiar, men til slutt nærmar han seg verdien \(v_Y = -250^m/_s\) som viser seg å vere den einaste verdien som faktisk gjer at kua klarar seg heile vegen ned mot havnivå.
Noko anna som er viktig er å få tidsstega rett. Og då må det nemnast at Askeladden ikkje visste heilt korleis tidsstega fungerte i programmet hans til slutt. Det han var meint å gjere var å få kua til å falle i eit tidsrom frå \(0\) til \(3790s\) med \(1s\) som tidssteg, men dette såg ikkje ut til å fungere.

Neste er å leggje til at rakettstøvlane skal gje kua ein boost på 700N etter at fallskjermen er ute. Dette viser seg å vere litt i overkant. Han prøver så med 500N, som viser seg å vere tilstrekkjeleg.

Arealet på fallskjermen er òg plugga inn, heile \(113m^2\) vert det så her er det eigentleg berre å setje i gang.


Tida er inne. Askeladden er no ferdig med simuleringane. Det er på tide å senda av garde kua Aurikla!

"Neeeeeeeei!" ropar Tuslingen idet han hoppar over bord for å gripe tak i kua.

Bildet kan inneholde: lys, vann, flash fotografering, astronomisk objekt, kunst.
Stakkars Tuslingen har vorte særs glad i ho Aurikla.

Tuslingen har allereie vorte særs glad i kua og har det vanskeleg å gje slepp på ho. Han har bonde seg fast i masta med eit tau, og held bakføtene til Aurikla for ikkje å miste ho. Han held anklane hennar med eit blodgrep samstundes som han grin litt.

"Slipp, Tuslingen, slipp!" ropar Askeladden som merkar at skipet er i ferd med å bli drage med ned i atmosfæra.

Tuslingen fell ein siste tår, og gjev til slutt slepp på kjære Aurikla.

Nervepirrande orkestermusikk idet avstanden til kua aukar. 

Kua snur seg attende og gjev frå seg eit siste "mø" til dei to venane hennar.


Plask

 

THE COW HAS LANDED!

 

Publisert 16. des. 2021 23:26 - Sist endret 16. des. 2021 23:26