FYS1120-blogg

Dette er bloggen til FYS1120 - Elektromagnetisme. Her kjem vi til å legge ut vekesoppgåver, informasjon om obligar, gruppetimer, plenumsrekning og anna relevant kursinfo.

Ikkje ver redd for å stille spørsmål i kommentarfelta! Det er lov å spørre om både faglege ting og anna. Vi prøver å svare så raskt vi kan.

Publisert 3. okt. 2014 14:53

Viss nokon ikkje har gjort 2012-midtvegsen enno, så ligg han no her utan fasit!

Publisert 26. sep. 2014 11:51

Her er oppgåvesett nummer seks! Denne veka er det fokus på straum og elektriske kretsar. Viktige stikkord er Ohms lov og Kirchhoffs kretslovar ("loop rule" og "junction rule"). Det gjeld å få trening i å rekne på kretsar, for det er eit eiga handtverk.

I tillegg inneheld settet ein numerisk oppgåve sånn som sist veke. Igjen er den oppgåva ekstremt relevant for oblig 2, så den tilrår me verkeleg at alle gjer. Det enklaste er å gjere han på datalabben - det vil seie måndags- eller onsdagsgruppa. Vi hjelper til med installasjon og bruk av iPython Notebook for dei som treng det.

Løysingsframlegg til sett 5 ligg her.

Publisert 24. sep. 2014 10:55

Som dere sikkert har sett, inneholder oppgavesett 5 en oppgave som introduserer et nytt verktøy: IPython Notebook. Når vi kommer til Oblig 2 i kurset, vil det anbefalte innleveringsformatet være en Notebook-fil. Vi anbefaler derfor å bruke litt tid på mandags- og onsdagsgruppene til å sette dere inn i bruken av Notebooks. Dere kan selvfølgelig få hjelp til dette.

Publisert 19. sep. 2014 10:34

No er oppgåvesett 5 klart! Me slepp ikkje heilt taket i kondensatorar, men byrjer i tillegg å snakke om straum og motstand. Denne veka inneheld oppgåvesettet òg for første gong ei numerisk oppgåve, som de kan gjere ved å laste ned ein iPython Notebook-fil. Det enklaste er å gjere oppgåvene på maskinene på datalabben, men det er òg veldig enkelt å installere Notebook på di eiga Ubuntu-maskin. Det står forklaring på korleis det verkar i oppgåveteksten, men viss de treng meir hjelp kan de gjerne spørre oss på gruppe eller her i kommentarfeltet, eller sjekke denne meir grundige rettleiinga. Dei numeriske oppgåvene kjem til å vere frykteleg relevante for oblig 2.

Løysingsframlegg til førre veke ligg her.

Publisert 12. sep. 2014 16:49

Oppgåvesett 4 kan nå lastast ned her. Det handlar om kondensatorar og deira eigenskaper. Viktige stikkord er kapasitans, spenning, serie- og parallellkopling og energien lagra i kondensatoren.

Framlegg til løysing på sett 3 finst her

Publisert 19. aug. 2014 09:23

No er fyrste oblig (av to) tilgjengeleg på kurssida eller frå denne lenka. Han dreier seg om matematikk, og er meint som ei oppsummering av vektoranalysen vi får bruk for i kurset. Nivået på obligen er slik at om du beherskar MAT1110 og MEK1100 skal det vere velkjent stoff.

Publisert 7. aug. 2014 09:49

Sidan ikkje alle som tek FYS1120 har teke MEK1100 frå før vil det bli gitt ei rekke på fire-fem forelesninger som dekker grunnleggande vektoranalysepensum. 

Siste kommentarar Meir ...