Oppgåvesett 5 - motstand, kapasitans og numeriske metodar

No er oppgåvesett 5 klart! Me slepp ikkje heilt taket i kondensatorar, men byrjer i tillegg å snakke om straum og motstand. Denne veka inneheld oppgåvesettet òg for første gong ei numerisk oppgåve, som de kan gjere ved å laste ned ein iPython Notebook-fil. Det enklaste er å gjere oppgåvene på maskinene på datalabben, men det er òg veldig enkelt å installere Notebook på di eiga Ubuntu-maskin. Det står forklaring på korleis det verkar i oppgåveteksten, men viss de treng meir hjelp kan de gjerne spørre oss på gruppe eller her i kommentarfeltet, eller sjekke denne meir grundige rettleiinga. Dei numeriske oppgåvene kjem til å vere frykteleg relevante for oblig 2.

Løysingsframlegg til førre veke ligg her.

.

Av Jørgen EM
Publisert 19. sep. 2014 10:34 - Sist endra 1. okt. 2014 09:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere