Pannekaka DET VAR ein gong ei kone som hadde sju svoltne ungar , og dei steikte ho pannekaker til . Det var råmjølks-kake . Ho låg i panna og este seg så tjukk og god , og ungane stod omkring , og gamlefar sat og såg på. Å , la meg få litt pannekake , mor , eg er så svolten , sa den eine ungen. Å kjære deg , sa den andre. Å kjære , vene deg , sa den tredje. Å kjære , vene , snille deg , sa den fjerde. Å kjære , vakre , vene , snille deg , sa den femte. Å kjære , vakre , vene , gode , snille deg , sa den sjette. Å kjære , vakre , vene , gode , snille , søte deg , sa den sjuande , og så bad dei om pannekake alle saman , den eine vakrare enn den andre , for dei var så svoltne og snille. Ja , barna mine , vent no berre til ho vender seg , sa ho til eg får vendt ho , skulle ho sagt så skal de få pannekake alle saman . Sjå berre kor tjukk og velnøgd ho ligg der. Då pannekaka høyrde dette , blei ho redd , og rett som det var , så vende ho seg av seg sjølv og ville ut av panna , men ho fall ned att på den andre sida . Då ho hadde steikt seg litt på den sida også så ho blei fastare , spratt ho ut på golvet og trilla av stad som eit hjul ut gjennom døra og bortetter vegen. Hei , då! Kona etter det fortaste ho kunne , med panna i den eine handa og sleiva i den andre og barna etter ho igjen , og gamlefar hinkande etter til slutt. Hei , vil du vente! Knip ho , ta ho , hei då! skreik dei i munnen på kvarandre og skulle ta ho på spranget og fange ho att . Men pannekaka trilla og trilla , og rett som det var , var ho så langt unna at dei ikkje kunne sjå ho , for pannekaka var flinkare til å kome seg fram enn alle dei som var til beins . Då ho hadde trilla ei stund , møtte ho ein mann. God dag , pannekake , sa mannen. Gud signe , mann brann , sa pannekaka. Kjære pannekaka , trill ikkje så fort , vent litt og la meg få ete deg , sa mannen. Når eg har gått frå kone krone , gamlefaren og sju skrikarungar , så kan eg vel gå frå deg , mann brann , sa pannekaka , og trilla og trilla til ho møtte ein høne. God dag , pannekake , sa høna. God dag , høne pøne , sa pannekaka. Kjære pannekake , trill ikkje så fort , vent litt og la meg få ete deg , sa høna. Når eg har gått frå kone krone , gamlefaren , sju skrikarungar og mann brann , så kan eg vel gå frå deg , høne pøne , sa pannekaka og trilla som eit hjul bortetter vegen . Så møtte ho ein hane. God dag , pannekake , sa hanen. God dag , hane pane , sa pannekaka. Kjære pannekake , trill ikkje så fort , vent litt og la meg få ete deg , sa hanen. Når eg har gått frå kone krone , gamlefaren , sju skrikarungar , frå mann brann og høne pøne , så kan eg vel gå frå deg , hane pane , sa pannekaka , og la til å trille og trille det fortaste det orka . Då ho hadde trilla ei lang stund , møtte ho ei and. God dag , pannekake , sa anda. God dag , ande vande , sa pannekaka. Kjære pannekake , trill ikkje så fort , vent litt og la meg få ete deg , sa anda. Når eg har gått frå kone krone , gamlefaren , sju skrikarungen , frå mann brann , høne pøne og hane pane , så kan eg vel gå frå deg , ande vande , sa pannekaka , og tok til å trille og trille det fortaste det orka . Då ho hadde trilla ei lang , lang stund , møtte ho ei gås. God dag , pannekake , sa gåsa. God dag , gåse våse , sa pannekaka. Kjære pannekake , trill ikkje så fort , vent litt og la meg få ete deg , sa gåsa. Når eg har gått frå kone krone , gamlefaren , sju skrikarungar , frå mann brann , høne pøne , hane pane og frå ande vande , så kan eg vel gå frå deg , gåse våse , sa pannekaka , og trilla av stad att. Då ho hadde trilla ei lang , lang stund att , så møtte ho ein gasse. God dag , pannekake , sa gassen. God dag , gasse vasse , sa pannekaka. Kjære pannekake , trill ikkje så fort , vent litt og la meg få ete deg , sa gassen. Når eg har gått frå kone krone , gamlefaren , sju skrikarungar , frå mann brann , høne pøne , hane pane , ande vande og frå gåse våse , så kan eg vel gå frå deg , gasse vasse , sa pannekaka , og tok til å trille og trille , det fortaste det orka. Då ho hadde trilla ei lang , lang stund , så møtte ho ein gris. God dag , pannekake , sa grisen. Nøff-koff! sa grisen . God dag , gylte grisesylte , sa pannekaka , og la til å trille og trille , det fortaste det orka . Nei , vent litt , sa grisen , du treng ikkje til å bråfly slik , vi to kan då gå i mak og slå følge over skogen; det skal ikkje vere heilt trygt der , sa han . Det syntest pannekaka det kunne vere noko i , og så gjorde dei det . Men då dei hadde gått ei stund , kom dei til ein bekk . Grisen flaut på flesket , det var inga sak for han , men pannekaka kunne ikkje komme over. Set deg på trynet mitt , sa grisen , så skal eg frakte deg over , sa han Pannekaka gjorde det. Nøff-koff! sa grisen og tok pannekaka i éin jafs . Og då pannekaka ikkje kom lenger , er ikkje regla lenger heller. Smågutane som trefte trolla på Hedalsskogen På ein plass oppi Vågå i Gudbrandsdalen budde ein gong i gamle dagar eit par fattige folk . Dei hadde mange barn , og to av sønene , som var om lag halvvaksne , måtte støtt reke omkring på bygda og tigge . Derfor var dei vel kjende med alle vegar og stigar , og dei visste også beinvegen til Hedalen. Ein gong ville dei gå dit . Men dei hadde høyrt at nokre falkefangarar hadde bygt seg ei hytte ved Mæla . Der ville dei gå innom med det same og sjå fuglane og korleis folka fanga dei , og derfor tok dei beinvegen over Langmyrane . Men det lei alt så langt på hausten at budeiene hadde reist heim frå setrene , og derfor kunne dei ingen stad få hus , og ikkje mat heller . Dei måtte då halde ved vegen til Hedalen , men vegen var berre ei grunn råk. Då mørket kom på dei , tapte dei råka og fann ikkje fuglefangarhytta heller , og før dei visste ordet av det , var dei midt i tjukkaste Bjølstadskogen . Då dei skjønte at dei ikkje kunne komme fram , gav dei seg til å kviste bar , gjorde opp varme , og bygde seg ei barhytte , for dei hadde med vesleøksa . Og så reiv dei opp lyng og mose som dei laga eit leie av . Ei stund etter at dei hadde lagt seg , fekk dei høyre nokon som snøfta og vêra sterkt. Gutane la øyret til og lydde vel etter om det skulle vere dyr eller skogtroll dei høyrde . Men så drog det vêret enda sterkare og sa: Det luktar manneblod her! Så høyrde dei nokon steig så tungt at jorda skalv , og så kunne dei vite at trolla var ute. Hjelpe oss , kva skal vi gjere no? sa den yngste guten til bror sin. Å , du får bli ståande under fura der du står og vere ferdig til å ta posane og stryke din kos når du ser dei kjem , så skal eg ta vesleøksa , sa den andre. I det same såg dei trolla komme settande , og dei var så store og digre at hovuda på dei var jamhøge med furutoppane . Men dei hadde berre eitt auge saman alle tre , og det skifta dei til å bruke . Dei hadde eit hol i panna som dei la det i , og styrte det med handa. Han som gjekk føre , måtte ha det , og dei andre gjekk etter og heldt seg i den første. Legg på sprang! sa den eldste av gutane . Men fly ikkje for langt før du ser korleis det går . Sidan dei har auget så høgt , har dei vondt for å sjå meg når eg kjem bak dei. Ja , broren rende føre , og trolla drog etter . Imens kom den eldste guten bak dei og hogg til det bakarste trollet i fotleddet så trollet slo opp eit fælsleg skrik , og det første blei så skremt at det skvatt og sleppte auget . Guten var ikkje sein til å snappe det . Det var større enn om ein hadde lagt i hop to potteskåler , og så klart var det , at enda det var fullmørk natt blei det som lyse dagen når han såg gjennom det. Då trolla merka at han hadde tatt frå dei auget og at han hadde gjort skade på ein av dei , tok dei til å true med alt det vonde som fanst om han ikkje straks på timen gav dei att auget. Eg er ikkje redd for troll og truslar , sa guten . No har eg tre auge aleine , og de tre har ikkje noko , og enda må to bere den tredje. Får vi ikkje auget vårt att på timen , skal du bli til stokk og stein! skreik trolla. Men guten meinte det gjekk så fort; han var ikkje redd verken for skryt eller trollskap , sa han , og fekk han ikkje vere i fred , skulle han hogge til dei alle tre så dei skulle komme til å krabbe langs bakken som kryp og krek. Då trolla høyrde dette , blei dei redde og tok til å gi gode ord. Dei bad nokså vakkert at han ville gi dei att auget , så skulle han få både gull og sølv og alt han ville ha . Ja , det syntest guten var nokså bra , men han ville ha gullet og sølvet først , og så sa han at dersom ein av dei ville gå heim og hente så mykje gull og sølv at han og broren fekk posane sine fulle , og gi dei to gode stålbogar attpå , så skulle dei få auget . Men til då ville han ha det. Trolla bar seg ille og sa at ingen av dei kunne gå når dei ikkje hadde auget å sjå med . Men så gav ein av dei seg til å skrike på kjerringa , for dei hadde éi kjerring i hop alle tre også . Etter ei stund svarte det i ein fjelltopp langt nordpå . Så sa trolla at ho skulle komme med to stålbogar og to spann fulle av gull og sølv , og det varte då ikkje lenge før ho var der . Då ho så fekk høyre korleis det var gått til , tok ho også til å true med trollskap. Men trolla blei redde og bad ho skulle ta seg i vare for den vesle vepsen , ho kunne ikkje vere sikker for at han tok auget hennar også . Så kasta ho spanna og gullet og sølvet og bogane til dei , og strauk heim i fjelltoppen med trolla , og sidan den tida har ingen høyrt at trolla har gått på Hedalsskogen og lukta etter manneblod. Austanfor sol og vestanfor måne DET VAR ein gong ein fattig husmann som hadde stua full av barn og ikkje stort å gi dei , verken av mat eller klede . Vakre var dei alle , men den vakraste var den yngste dottera , som var så vakker at det ikkje var måte på det. Så var det ein torsdagskveld seint om hausten . Det var stygt vêr ute og fælt mørkt , og regne og blåse gjorde det så det knaka i veggane . Dei sat omkring peisen og hadde noko å stelle med alle saman . Rett som det var , så banka det tre gongar på ruta . Mannen gjekk ut og skulle sjå kva som var på ferde , og då han kom ut , stod det ein stor , stor kvitebjørn der. God kveld du! sa kvitebjørnen. God kveld! sa mannen. Vil du gi meg den yngste dottera di , skal eg gjere deg likså rik som du no er fattig , sa han. Ja , mannen syntest det var nokså gildt at han skulle bli så rik , men han syntest han måtte snakke med dottera først . Han gjekk inn og sa at ute var det var ein stor kvitebjørn som lovde han skulle gjere dei rike når han berre kunne få ho . Ho sa nei og ville nødig , og så gjekk mannen ut att og blei forlikt med kvitebjørnen om at han skulle komme att neste torsdagskvelden og hente svar. Imens gav dei dottera verken rist eller ro , dei snakka og las opp for ho om all rikdommen dei skulle komme til og om kor godt ho skulle ha det sjølv . Til sist gav ho seg då . Ho vaska seg og stelte i stand fillene sine , pynta seg så godt ho kunne , og heldt seg reiseferdig . Det var ikkje stort ho skulle ha med heller. Neste torsdagskveld kom kvitebjørnen og skulle hente ho . Ho sette seg på ryggen av han med bylten sin , og så bar det av stad. Då dei hadde komme eit godt stykke på vegen , sa kvitebjørnen: Er du redd? Nei , det var ho då ikkje. Ja , hald deg berre godt fast i ragget mitt , så har det ingen fare heller , sa han. Ho rei og ho rei , og langt om lenge kom dei til eit stort fjell. Der banka kvitebjørnen på , og så gjekk det opp ein port , og dei kom inn i eit slott . Det var lys i alle rom , og det skein både av gull og sølv , og så var der ein stor sal , som det stod eit dekt bord i , og det så gromt at du ikkje kan tru kor gromt det var . Så gav kvitebjørnen ho ei sølvklokke . Når det var noko ho ville , skulle ho berre ringe på han , så fekk ho det . Ja , då ho hadde ete , og det lei på kvelden , blei ho søvnig etter reisa , og syntest ho kunne ha lyst til å legge seg . Så ringte ho med klokka , og ho hadde ikkje tatt i klokka før ho kom inn i eit kammers der det stod ei oppreidd seng , så herleg som nokon ville ligge i , både med silkedyner og omheng og gullfrynser . Alt som var der , var av gull og sølv . Men då ho hadde lagt seg og sløkt lyset , kom det inn eit menneske og la seg med ho . Det var kvitebjørnen som kasta hamen av seg om natta . Men ho fekk aldri sjå han , for alltid kom han etter at ho hadde sløkt lyset , og før det var lyst om morgonen , var han borte att. Det gjekk både godt og vel ei stund , men så tok ho til å bli så stille og sørgmodig , for ho gjekk der så aleine heile dagen og stunda heim til foreldra og syskena sine . Då kvitebjørnen spurde kva det var som feilte ho , sa ho at det var så stussleg der , ho gjekk der så aleine og stunda heim til foreldra og syskena sine , og det var fordi ho ikkje kunne komme til dei at ho gjekk og sørgde så . Det kan det nok bli råd med , sa kvitebjørnen . Men du skal love meg at du ikkje taler med mor di aleine , men berre når dei andre høyrer på . For ho tar deg ved handa , sa han , og vil ha deg inn i eit kammers og tale aleine med deg . Men det må du slett ikkje gjere , elles gjer du oss ulykkelege begge to. Ein søndag kom kvitebjørnen og sa at no kunne dei reise til foreldra hennar . Ja , dei reiste , ho sat på ryggen hans , og det gjekk både langt og lenge . Til sist kom dei til ein stor kvit gard . Der sprang syskena hennar ute og leika seg , og det var så vakkert at det var ei lyst å sjå det . Der bur foreldra dine , sa kvitebjørnen , men gløym ikkje det eg har sagt deg , elles gjer du både deg og meg ulykkelege . Nei , det skulle ho nok ikkje gløyme , og då ho var kommen dit , så snudde kvitebjørnen om att , han. Det var slik glede då ho kom inn til foreldra at det ikkje var måte på det . Dei syntest dei kunne ikkje fulltakke ho for det ho hadde gjort for dei; no hadde dei begge det så godt , og alle spurde ho korleis ho hadde det der ho var . Ho hadde det både godt og vel , og hadde alt ho kunne ønske seg , sa ho , og resten fekk dei ikkje heilt greie på. Men så om ettermiddagen då dei hadde ete til middag , gjekk det som kvitebjørnen hadde sagt: mora ville tale med ho aleine inne i kammerset . Men ho mintest det kvitebjørnen hadde sagt , og ville ikkje på nokon måte . Det vi har å snakke om , sa ho , det kan vi alltid snakke om . Men korleis det gjekk eller ikkje , så fekk då mora overtalt ho til sist , og så måtte ho seie korleis ho hadde det. Ho sa då at det alltid kom eit menneske og la seg med ho når ho hadde sløkt lyset om kvelden . Han fekk ho aldri sjå , for han var alltid borte før det blei lyst om morgonen . Det gjekk ho og sørgde over , for ho syntest ho ville så gjerne sjå han , og om dagen gjekk ho der aleine og hadde det så stussleg. Huff , det kan gjerne vere eit troll du ligg med , sa mora , men no skal eg lære deg ei råd så du skal få sjå han: Du skal få ein lysestubb av meg . Han kan du ta med deg i barmen . Lys så på karen når han søv , men akt deg vel så du ikkje dryper talg på han. Ja , ho tok lyset og gøymde det i barmen , og om kvelden kom kvitebjørnen og henta ho. Då dei hadde komme eit stykke på vegen , spurde kvitebjørnen om det ikkje var gått så som han hadde sagt. Jo , det kunne ho ikkje nekte for. Ja har du lydt etter råda frå mor di , så har du gjort oss begge ulykkelege , og så er det over mellom oss , sa han. Nei , det hadde ho no slett ikkje. Då ho så var kommen heim og hadde lagt seg , gjekk det som det pleidde: det kom eit menneske og la seg med ho . Men då det lei utpå natta og ho høyrde han sov , stod ho opp og slo varme , tende i lyset og lyste på han . Då såg ho det var den vakraste prinsen ein kunne sjå , og ho blei så glad i han at ho syntest ho ikkje kunne leve om ho ikkje fekk kyst han straks på augeblinken . Det gjorde ho også , men med det same drypte ho tre heite talgdropar på skjorta hans så han vakna. Å , kva har du gjort no? sa han . No har du gjort oss ulykkelege begge to . Hadde du berre heldt ut året , så hadde eg vore frelst. For eg har ein stemor som har trolla meg så eg er kvitebjørn om dagen og menneske om natta . Men no er det ute mellom oss , no må eg reise frå deg til ho . Ho bur i eit slott som ligg austanfor sol og vestanfor måne , og der er det ei prinsesse med ein nase som er tre alen lang . Ho skal eg ha no. Ho gret og bar seg , men det var ikkje noko å gjere med det , han måtte reise . Så spurde ho om ho då ikkje kunne få vere med. Nei , det bar aldri til. Kan du seie meg vegen , så skal eg leite deg opp . Det kan eg vel få lov til? sa ho. Ja , det kunne ho . Men det var ingen veg dit , det låg austanfor sol og vestanfor måne det , og dit fann ho aldri fram. Om morgonen då ho vakna , var både prinsen og slottet borte . Ho låg på ein liten grøn flekk midt inni mørke , tette skogen , og ved sida av ho låg den same fillebylten som ho hadde hatt med seg heimanfrå . Då ho no hadde gnidd søvnen av auga sine og grete seg trøytt , gav ho seg på vegen , og så gjekk ho i mange , mange dagar , alt til ho kom til eit stort berg. Utanfor det sat ei gammal kone og leika seg med eit gulleple . Ho spurde kona om ho visste vegen til den prinsen som var hos stemor si i eit slott som låg austanfor sol og vestanfor måne , og som skulle ha ei prinsesse med ein nase som var tre alen lang. Kor kjenner du han frå? spurde kona , kanskje det var du som skulle hatt han? Ja det var då det. Jaså , er det du? sa kona . Ja , eg veit ikkje noko meir om han , eg , enn at han bur i det slottet som er austanfor sol og vestanfor måne , og dit kjem du seint eller aldri . Men du skal få låne hesten min , og han kan du ri på til grannekona mi . Kanskje ho kan seie deg det . Og når du er kommen fram , så kan du berre slå til hesten under venstre øyret og bede han gå heim att . Og dette gulleplet kan du ta med deg. Ho sette seg opp på hesten og rei i lange , lange tider . Så kom ho til sist til eit berg der det sat ei gammal kone utanfor med eit hespetre av gull . Ho spurde den gamle kona om ho visste vegen til det slottet som låg austanfor sol og vestanfor måne . Ho sa som den andre kona at ho ikkje visste noko om det , men det var nok austanfor sol og vestanfor måne , og dit kjem du seint eller aldri , Men du skal få låne hesten min til næraste grannekona. Kanskje ho veit det . Og når du er kommen dit , så kan du berre slå hesten under venstre øyret og bede han gå heim att . Og så gav kona hespetreet til ho , for det kunne ho nok komme til å få bruk for , sa kona. Jenta sette seg då opp på hesten og rei i lang tid att . Langt om lenge kom ho til eit stort berg . Der sat det ei gammal kone og spann på ein gullrokk . Ho spurde den gamle kona om ho visste vegen til prinsen , og kor det slottet var som låg austanfor sol og vestanfor måne. Så gjekk det like eins . Kanskje det er du som skulle hatt prinsen der? sa kona. Ja , det skulle no vere det då. Men kona visste ikkje betre vegen ho enn dei andre to . Austanfor sol og vestanfor måne var det , det visste ho , og dit kjem du seint eller aldri , sa ho , men du kan få låne hesten min , så meiner eg du får ri til austavinden og spørje han . Kanskje han er kjend der og kan blåse deg dit . Når du er kommen fram , så kan du berre slå hesten under øyret , så går han heim att . Og så gav kona gullrokken til ho . Kanskje du kan få bruk for han , sa kona. Ho rei i mange dagar og i lang tid før ho kom dit , men langt om lenge kom ho då fram . Så spurde ho austavinden om han kunne seie ho vegen til prinsen som budde austanfor sol og vestanfor måne. Ja , den prinsen hadde han nok høyrt tale om , sa austavinden , og slottet også , men vegen visste han ikkje , for han hadde aldri blåse så langt . Men dersom du vil , så skal eg følge deg til bror min , vestavinden . Kanskje han kan vite det , for han er mykje sterkare . Du kan sette deg på ryggen min , så skal eg bere deg dit. Ja , ho gjorde så , og det gjekk nokså friskt. Det gjekk nokså friskt. Då dei kom fram dit , så gjekk dei inn , og austavinden sa at han han hadde med seg , var ho som skulle ha prinsen i det slottet som låg austanfor sol og vestanfor måne . No reiste ho og skulle leite han opp , og så hadde han følgt ho dit , og ville gjerne høyre om vestavinden visste kor slottet var. Nei , så langt har eg aldri blåse , sa vestavinden , men vil du , så skal eg følge deg til sønnavinden , for han er mykje sterkare enn nokon av oss og han har flakka både vidt og breitt , så kanskje han kan seie deg det . Du kan sette deg på ryggen min , så skal eg bere deg dit. Ja , ho gjorde så . Dei reiste til sønnavinden og var ikkje lenge om vegen . Då dei kom fram , spurde vestavinden om han kunne seie jenta vegen til det slottet som låg austanfor sol og vestanfor måne , for det var ho som skulle ha prinsen der. Ja så , sa sønnavinden , Er det ho? Ja , eg har nok vanka vidt i mi tid , sa han , men så langt har eg aldri blåse . Men vil du , så skal eg følge deg til bror min , nordavinden . Han er den eldste og sterkaste av oss alle saman , og veit ikkje han kor det er , så får du aldri i verda vite det . Du kan sette deg opp på ryggen min , så skal eg bere deg dit. Ja , ho sette seg opp på ryggen hans , og han av garde så fort som vinden . Dei gjorde ikkje vegen lang. Då dei kom dit nordavinden budde , var han så vill og galen at det stod kald gufs av han lang veg. Kva vil de? skreik han langt borte så det isna i dei. Å , du får ikkje vere så streng av deg , du heller , sa sønnavinden , for det er eg , og så er det ho som skulle hatt den prinsen som bur i slottet austanfor sol og vestanfor måne , og no vil ho spørje deg om du har vore der og kan seie ho vegen , for ho ville gjerne finne han att. Ja , eg veit nok kor det er , sa nordavinden , Eg har blåse eit ospelauv dit ein einaste gong , men då var eg så trøytt at eg ikkje orka blåse på mange dagar etterpå . Men er det så at du endeleg vil dit og du ikkje er redd for å vere med meg , så skal eg ta deg på ryggen min og prøve om eg kan blåse deg dit. Ja , ho ville og ho måtte dit dersom det på noko sett og vis var råd å komme dit , og redd var ho ikkje om det gjekk aldri så gale. Ja ja , så får du ligge over her i natt , sa nordavinden , for vi må ha dagen for oss og vel så det , skal vi rekke fram. Tidleg andre morgonen vekte nordavinden ho og bles seg opp og gjorde seg så stor og sterk at det var fælt . Så bar det av stad med dei høgt opp og bort igjennom lufta , som dei skulle fare til verdas ende med det same . På bygda var det slik storm at både hus og heile skogstrekningar rauk ned , og då dei kom ut over storsjøen , forliste skip i hundrevis . Slik fór dei av stad så langt , så langt at ingen kan tru kor langt dei fór , og alltid gjekk det utover havet . Nordavinden blei trøyttare og trøyttare og så utkøyrt at han nesten ikkje orka blåse lenger , og lågare og lågare bar det med han , og på slutten gjekk det så lågt at bølgetoppane slo om hælane hennar. Er du redd? sa nordavinden. Nei , sa ho , det var ho ikkje. Men dei var ikkje langt frå land heller , og det var nettopp så vidt makt att i nordavinden til at han fekk kasta ho inn på stranda under vindauga på slottet som låg austanfor sol og vestanfor måne . Men då var han også så trøytt og ussel at han måtte kvile over mange dagar før han kunne komme heim att. Den andre morgonen sette ho seg til å leike med gulleplet utanfor vindauga i slottet , og det første ho såg , var det nasegrevet som skulle ha prinsen. Kva skal du ha for det gulleplet ditt , du då? sa ho og gløtta på vindauget. Det er ikkje til sals verken for gull eller pengar , sa jenta. Er det ikkje til sals for gull eller pengar , kva vil du då ha for det? Du kan få kva du vil , sa prinsessa. Ja , dersom eg kan få komme opp til prinsen som er her og få vere hos han i natt , så skal du få det , sa ho som hadde komme med nordavinden. Ja , det kunne ho nok , det var råd til det. Prinsessa fekk gulleplet . Men då jenta kom opp på rommet til prinsen om kvelden , så sov han . Ho ropte på han og rista i han , og alt imellom så gret ho , men ho kunne ikkje få han vaken , for dei hadde gitt han ein sovedrikk om kvelden . Om morgonen , då det lyste av dag , kom prinsessa med den lange nasen og jaga ho ut att. Frampå dagen sette ho seg til å hespe på hespetreet utanfor vindauga i slottet , og det gjekk då likeins . Prinsessa spurde kva ho ville ha for det , og ho sa at det var til sals verken for gull eller pengar , men kunne ho få lov til å komme opp til prinsen og vere hos han om natta , skulle ho få det . Men då ho kom der opp , så sov han att , og alt ho ropte og skreik og rista i han , og alt ho gret , så sov han så ho ikkje var god for å få liv i han . Og då det lysna av dag , kom prinsessa med den lange nasen og jaga ho på dør att. Då det lei på dagen , sette jenta seg til å spinne på gullrokken utanfor vindauga i slottet , og også den ville prinsessa med den lange nasen ha . Ho lukka opp vindauget og spurde kva ho skulle ha for han . Jenta sa , no som begge dei andre gongane , at han ikkje var til sals verken for gull eller pengar . Men kunne ho få komme opp til prinsen som var der og vere hos han om natta , så skulle hi få rokken . Ja , det kunne ho gjerne . Men så var det nokre drakar som var tatt inn der . Dei hadde sete i det kammerset som var nærast ved prinsen og høyrt at det hadde vore kvinnfolk inne hos han , og at ho hadde gråte og ropt på han to netter i rad . Det sa dei til prinsen . Så om kvelden , då prinsessa kom med sovesupen , lét han som han drakk , men slo drikken bakover seg , for han kunne nok skjøne det var ein svevndrikk. Då no jenta kom inn , var prinsen vaken , og så måtte ho fortelje korleis ho var kommen dit . Ja , no kjem du rett til pass også , sa prinsen , for i morgon skulle eg hatt bryllaup . Men eg vil ikkje ha det nasegrevet , og du er den einaste som kan frelse meg . Eg skal seie at eg vil sjå kva brura mi duger til , og bede ho vaske av den skjorta med dei tre talgflekkane på . Det går ho med på , for ho veit ikkje at det er du som har gjort det . Men det må rett folk til det og ikkje trollpakk , og så skal eg seie at eg ikkje vil ha nokon annan til brur enn ho som kan gjere det , og du kan , det veit eg. Det var då stor fryd og glede på dei om natta . Men dagen etter , då bryllaupet skulle stå , sa prinsen: Eg vil sjå kva brura mi duger til først. Ja , det kunne vel vere greitt , sa stemora. Eg har ei fin skjorte som eg vil ha til brudgomsskjorte , men det er komme tre talgflekker på ho . Dei vil eg ha vaska av , og eg har lovt at eg ikkje tar nokon annan enn ho som er god for å gjere det . Kan ho ikkje det , så er ho ikkje verdt å ha. Ja , det var inga sak , meinte dei , og det gjekk dei med på , og ho med den lange nasen til å vaske det beste ho kunne . Men dess meir ho vaska og gnudde , dess større blei flekkane. Å , du kan ikkje vaske , sa gamletrollkjerringa , mor hennar , la meg få skjorta! Men ho hadde ikkje før tatt i ho , før flekkane blei enda styggare . Og dess meir ho vaska og gnudde , dess større og svartare blei flekkane. Så skulle dei andre trolla til å vaske skjorta . Men dess lenger det lei , dess styggare og fælare blei ho , og til sist såg heile skjorta ut som ho hadde vore i skorsteinspipa. Å , de duger ikkje nokon av dykk , sa prinsen . Det sit ei fantejente utanfor vindauga her . Eg er viss på ho er mykje betre til å vaske enn nokon av dykk . Kom inn , du jente! ropte han. Ja , ho kom inn. Kan du vaske rein denne skjorta du? sa han. Eg kan då prøve. Og aldri før hadde ho tatt i skjorta og duppa ho i vatnet , før skjorta var drivande kvit som nysnø , ja , enda kvitare. Ja , deg vil eg ha , sa prinsen. Då blei den gamle trollkjerringa så sint at ho sprakk , og prinsessa med den lange nasen og småtrolla sprakk nok også. Prinsen og brura hans løyste då ut drakane som var tatt inn der , og så tok dei med seg så mykje gull og sølv som dei kunne føre , og flytta langt bort frå slottet som låg austanfor sol og vestanfor måne.