INF2310 vår 2017 - Ukeoppgaver 7

Fargerom og oppslagstabellar (LUT).

Oppgåve 1 - Problem 6. 5 i G&W

Oppgåve 2 - Problem 6. 6 i G&W

Oppgåve 3 - Problem 6. 7 i G&W

Oppgåve 4

I denne oppgåva skal du implementere transformasjonar mellom fargerom og histogram frå scratch. Sjekk gjerne implementasjonen din ved å samanlikne dine resultat med resultat frå innebygde funksjonar i Python eller Matlab.

a)

Implementer eit program som les inn eit RGB bilete (t.d. rose_rgb.png som ligg under undervisningsmateriale), og konverterer det til eit gråtonebilete, altså intensitetskomponenten i eit HSI format.

b)

Samanlikn histogramma frå kvar av R, G, og B kanalen frå eit RGB bilete med intensitetskanalen (I) frå det same biletet i HSI format. Går det å predikere I histogrammet frå dei tre andre (R, G, B) ?

Oppgåve 5

Eit 8-bit gråtonebilete (med 256 gråtonar) er vist med ein RGB pseudofarge oppslagstabell (LUT), der R, G, og B komponentane er som vist i figuren under

a)

Kva farge vil pikslar med gråtoneindeks G/6 bli vist som?

b)

Kva farge vil pikslar med gråtoneindeks 2G/3 bli vist som?

c)

Kan du kort forklare korleis fargane vil endre seg når gråtoneindeksen går frå 0 til 255? Altå, korleis vil RGB fargane i oppslagstabellen sjå ut?

d)

Om ein teiknar ei RGB kube, kva delar av kuba vil oppslagstabellen dekke? Illustrer gjerne med ein figur.

e)

Om vi konverterar biletet frå RGB til HSI, korleis vil H, S, og I komponentane endre seg når gråtoneindeksen går frå 0 til 255?

Publisert 10. mars 2017 14:23 - Sist endret 10. mars 2017 14:23