Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Dette er eit fakultetsbasert emne. Emnet går annankvar haust i dei semestra der det ikkje er kjernepensum (oddetalsår).

Sjå studieretninga di under Oppbygging og gjennomføring for informasjon om emnet er obligatorisk eller valfritt for deg.

Kva lærer du?

Kurset vil gi ei innføring/oppfrisking i basalimmunologiske emne. Dette inkluderer medfødd immunitet, utvikling av adaptiv immunitet, immunregulering i slimhinnene, og immunologiske sjukdommar. Forelesingar blir baserte både på lærebøker og på foredrag av forskarar ved UiO og OUS.

Pensum blir henta frå IMMU: Lærebok i immunologi av Jens Vikse (ISBN: 9788215037240) med tilhøyrande videoanimasjoner.

Læringsmål

Kunnskapar:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg

  • god oversikt over oppbygginga til immunforsvaret og funksjonen
  • grunnleggjande forståing av nokre av dei mest sentrale prinsippa i faget
  • innsikt i vanlege immunologiske laboratorieteknikar
  • innsikt i mekanismar ved kronisk inflammatoriske tilstandar
  • forståing av ny og målretta immunologisk behandling

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i odontologi.

Undervisning

Arbeidsform: Forelesningar, seminar.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Det blir halde ein felles munnleg eksamen på siste kursdag.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
3
Undervisning
Annankvar haust frå 2005
Undervisningsspråk
Norsk