OD8054 – Akutt medisin med HLR
Skildring av emne
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Dette er eit fakultetsbasert emne. Emnet går annankvar haust i dei semestra der det ikkje er kjernepensum (partalsår).
Sjå studieretninga di under Oppbygging og gjennomføring for informasjon om emnet er obligatorisk eller valfritt for deg.
Kva lærer du?
Innhaldet har teoretisk og praktisk karakter knytta til situasjonar som kan oppstå akutt ved oralkirurgiske inngrep. I tillegg er fokus retta mot tilstandar som kan ramma pasientar under sedasjon/narkose.
Læringsmål
Kunnskapar:
Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar om
- akutte uventede blødninger
- bruk av pulsoksymeter; tiltak når verdiene faller under normalverdier
- allergiske reaksjoner
- forgiftning
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar med opptak til spesialistprogrammet i odontologi.
Undervisning
Arbeidsform: 2-3 timers kurs og sjølstudium.
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Deltaking i undervisninga gir bestått emne.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.