Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Dette er eit fakultetsbasert emne. Emnet går annankvar vår i dei semestra der det ikkje er kjernepensum (partalsår).

Sjå studieretninga di under Oppbygging og gjennomføring for informasjon om emnet er obligatorisk eller valfritt for deg.

Kva lærer du?

Etter kurset skal kandidatane vera i stand til å identifisera den sårbare  eldre pasienten og kunne behandla denne på forsvarleg vis. Det inneber å gjera ei vurdering av gradert ambisjonsnivå ved hjelp av mellom anna ASA-klassifisering, ADL-funksjon, kognitiv status og samtykkekompetanse. Kandidatane skal ha kjennskap til dei viktigaste sjukdommane som gir kognitivt eller funksjonelt funksjonstap hos eldre, og dessutan korleis dette vil påverka oral helse, gjennomføring og oppfølging av tannbehandling.

Læringsmål

KUNNSKAPAR

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar om

  • identifikasjon og handtering av den sårbare eldre pasienten
  • dei vanlegaste sjukdommane hos sjukeheimspasientar, som demens, slag, kreft og parkinson etc.
  • vurdering av ambisjonsnivå og behov for tannbehandling i dei siste fasar til livet
  • vurdering av samtykkekompetanse og evne til oppfølging av oral helse og tannbehandling

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i odontologi.

Undervisning

Arbeidsform: Forelesningar og klinisk praksis.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Deltaking i undervisninga gir bestått emne.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
1
Undervisning
Annankvar vår frå 2004
Undervisningsspråk
Norsk