Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Dette er eit fakultetsbasert emne. Emnet går annankvar vår i dei semestra der det ikkje er kjernepensum (partalsår).

Sjå studieretninga di under Oppbygging og gjennomføring for informasjon om emnet er obligatorisk eller valfritt for deg.

Kva lærer du?

Emnet skal gi oralmedisinsk farmakologisk kompetanse og stimulera til utviklingsarbeid innan eiga spesifikk fagretning. I kurset blir kandidatane oppmoda til tverrfagleg kollegial diskusjon og erfaringsutveksling.

Fullstendig temaoversikt blir lagd ut i Canvas.

Legemiddel og barn/eldre

Kurset omhandlar særskilde pasientgrupper og pasientar med polyfarmasi og nedsett allmenntilstand. Målet med kurset er å gjera kandidatane i stand til å gjera eit grunngitt behandlingsval og forskriving av nødvendige medikament basert på ei heilskapsvurdering av generell helse og medikamentsbruk.

Smertestillande/btennelsesdempende

Bruk av smertestillande/betennelsesdempande på særskilde pasientgrupper, barn, vaksne og eldre.

Anti-infektiva

Indikasjonsområde for særskilde Antibiotika, Interaksjoner, Resistensutvikling, Bivirkninger, Klinisk anvendbarhet.

Sedativa/nevrologiske og psykiatriske sykdommer

Bruk av sedativa på særskilde pasientgrupper, barn, vaksne og eldre. Gjennomgang av legemiddel i bruk ved nevrologiske og psykiatriske sjukdommar.

Antineoplastiske midlar/bifosfonater

Antineoplastiske midlar i bruk og påverknad av odontologisk praksis. Bruk av bisfosfonater og bisfosfonaters betydning ved ulike odontologiske inngrep.

Læringsmål

Kunnskapar:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar om

  • lovverk
  • legemiddelbruk
  • generellmedisinske sjukdommar i ein odontologisk kontekst

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i odontologi.

Undervisning

Arbeidsform: Forelesningar, seminar. Diskusjonar. Arbeid med eige prosjekt.
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

I kursperioden blir det lagt opp til arbeid med eige prosjekt der ein vel ei konkret farmakologisk problemstilling knytt til sitt kliniske felt for vidareutdanning.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
5
Undervisning
Annankvar vår frå 2004
Undervisningsspråk
Norsk