OD8061 – Kjeve- og ansiktsradiologi
Skildring av emne
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Dette er eit fakultetsbasert emne. Emnet er obligatorisk for kandidatar på dei fleste fagretningar og går kva vår. Det er lagt opp til at kandidatar gjennomfører emnet på 2. semester i spesialistutdanninga, men det kan òg gjennomførast seinare i utdanninga.
Sjå studieretninga di under Oppbygging og gjennomføring for informasjon om emnet er obligatorisk eller valfritt for deg.
Kva lærer du?
Oppdatering i strålevern og radiologiske modalitetar og teknikkar brukt i odontologi, samt vurdering av bildekvalitet og tolkning av konvensjonelle røntgenundersøkingar i spesialistpraksis.
Oppdatering og opplæring i grunngiving (grunnlag) og tilvising (henvising) for radiologiske undersøkingar, samt opplæring i samarbeidsrutinar med Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi.
Læringsmål
Kunnskapar:
Kandidaten skal etter endt undervisning
- vera oppdatert på praktisk strålevern i odontologi og teori som ligg til grunn for rutinene
- vera oppdatert på kva radiologiske metodar og røntgenteknikkar som er nyttige i odontologisk spesialistpraksis
- ha fått grunnleggjande kunnskap om korleis ein utfører CBCT-undersøkingar
- vera oppdatert på når dei ulike radiologiske undersøkingane kan vera nyttige for tannlegespesialistar («berettigelsesvurdering»)
og ferdigheiter til å
- sjølvstendig kunne utføre konvensjonelle røntgenundersøkingar, med vekt på okklusalundersøkingar og panoramaundersøkingar. Vurdering av bildekvalitet og identifisering av feilkjelder inngår.
- kunna tilvise for avanserte radiologiske undersøkingar, som ulike typar snitbildeundersøkingar, med særleg vekt på CBCT/CT og noko vekt på MR
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar med opptak til spesialistprogrammet i odontologi. Sjå elles Oppbygging og gjennomføring under den spesifikke fagretninga.
Undervisning
Arbeidsform: Forelesningar, oppgåveløysing og praktisk undervising.
Det er forventa at kandidatane førebur seg og deltek aktivt i undervisninga.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Deltaking i undervisninga gir bstått emne.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.