OD8320 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for kjeveortopedi.
Emnet er obligatorisk.

 

Kva lærer du?

I dette semesteret blir det halde fram med kliniske og teoretiske seminar, og dessutan pasientbehandling. I tillegg til gjennomgang av dei grunnleggjande prinsippa innanfor kjeveortopedi frå lærebøker, blir det starta med litteraturseminar om etiologi, diagnostikk, vekst og utvikling og kefalometri. Spesialistkandidatane bør allereie i 2. semester velje tema for spesialistoppgåva og leggje fram ei prosjektbeskriving.

Læringsmål

For kandidatar som tek emnet i 2. semester:

I tillegg til læringsmåla frå emnet OD8310 skal kandidaten etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskap og ferdigheiter til å

  • søkje litteratur om bestemte emne
  • lage tematiske samandrag og leggje dei fram i presentasjonar for dei andre kandidatane og lærarane

For kandidatar som tek emnet i 4. semester:

I tillegg til læringsmåla frå emnet OD8330 skal kandidaten etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar til å

  • sjølvstendig kunne vurdere behovet for kjeveortopedisk behandling

og ferdigheiter til å

  • sjølvstendig kunne diagnostisere, lage behandlingsplan og utføre kjeveortopedisk behandling på pasient

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i kjeveortopedi. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå emnet OD8210 for kandidatar på 2. semester i studieløpet, eller emnet OD8230 for kandidatar på 4. semester i studieløpet.

Undervisning

Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Gruppeundervisning: teoretiske og kliniske seminar, klinisk praksis og eventuelt gjesteforelesingar. Kandidatane skal førebu eigne presentasjonar om behandlingsforslag under rettleiing av instruktørane. Dei skal også presentere utvalde artiklar for dei andre kandidatane og instruktørane.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Obligatorisk arbeidskrav

Kvar teoretiske seminarrekkje blir avslutta med ei prøve som vurderast med bestått/ikkje bestått. Det er obligatorisk å bestå alle prøvene før slutteksamen i 6. semester.

For kandidatar som gjennomfører emnet i 4. semester blir det halde ei progresjonsevaluering med ekstern sensor (midtveisevaluering). Kandidatane skal presentere 10 kasus som mest sannsynleg kan ferdigbehandlast og leggjast fram til avsluttande eksamen.

Kandidaten skal gjennom studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar som føregår på Avdeling for kjeveortopedi, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

Alle kurs og seminar er obligatoriske. Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

 

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
18
Undervisning
Kvar vår
Undervisningsspråk
Norsk