OD8520 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet er obligatorisk og består av ulike avdelingsbaserte kurs og seminar, og dessutan klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for oral protetikk.

Avdelingsbaserte kurs og seminar følgjer ein 3-årig syklus. Dette betyr at ein i kurs- og seminarporteføljen kan starte i det andre eller tredje året av syklusen, men at ein over ein 3-års periode vil ha fullført alle kurs og seminar i porteføljen.

Kva lærer du?

Hovudformålet er å gi spesialistkandidatar den teoretiske kunnskapen og dei kliniske ferdigheitene som trengst i rolla som spesialist i oral protetikk.

Spesialistkandidatane blir kontinuerleg tildelt pasientbehandling, og fordeling skjer etter kandidatens kompetansenivå.

Dei ulike pasientkasusa skal gje kandidaten moglegheit til å kunne oppnå læringsmåla.

Læringsmål

Spesialistutdanninga i oral protetikk skal kvalifisere kandidaten til å:

  • kunne gi råd til utøvarene innan tannhelsetenesta vedrørande protetisk og bittfunksjonell behandling
  • behandle særleg vanskelege kasus og lede samarbeidet mellom nødvendige spesialistar og allmenntannleger i rehabilitering av pasientar med omfattande og kompliserte behandlingsbehov
  • kunne drive kursverksamheit overfor omverda på etterutdanningsnivå for tannlegar og annet tannhelsepersonell
  • holde faget oral protetikk i hevd blant kollegaer ved kontinuerleg å utvikle og fornye sitt faglege nivå
  • handtere funksjonelle, fonetiske, estetiske og psykologiske problem i forbindelse med oral protetisk behandling
  • kunne utføre inngåande diagnostikk av omfattande og sjeldan førekommande defekttilstander, samt planlegging av protetisk behandling av slike tilstander.
  • kunne gi behandling med alle tilgjengelege protetiske materialar og metodar, inklusive ulike implantatsystem

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i oral protetikk. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå emnet OD8110 for kandidatar på 2. semester i studieløpet, eller emnet OD8130 for kandidatar på 4. semester i studieløpet.

Det forventast ut over normalt gode kunnskapar om odontologi generelt og oral protetikk spesielt.

Undervisning

Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Arbeidsform: Seminar, gruppeundervisning, kurs og klinisk praksis

Det er forventa at studentane førebur seg grundig til undervisninga og gjer det etterarbeidet som er naudsynt

Obligatorisk arbeidskrav

  • Studentar som tek emnet i 2. semester skal ha undersøkt minimum 40 pasientar og ha påbegynt behandling av minimum 20 pasientar
  • Studentar som tek emnet i 4. semester skal ha undersøkt minimum 70 pasientar og påbegynt behandling av minimum 70 pasientar

Kandidaten skal gjennom studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlegestudentar.

All undervisning er obligatorisk. Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
18
Undervisning
Kvar vår
Undervisningsspråk
Norsk