Effektivitetstap som følgje av at …

Effektivitetstap som følgje av at kvantum er høgare enn det som svarar til pris lik grensekostnad. Figur 3.15 i Stiglitz-boka viser dette effektivitetstapet som arealet ABC (dvs det som er merka med ”I”). Dette er eigna til å skape forvirring.

For å rekne ut eff.tapet ved kvantum Q1 bør ein sjå på forskjellen mellom marginalkostnad og marginal betalingsvilje (dvs arealet under ”marginal cost og over etterspørselskurva) for kvantumet mellom Q0 og Q1. Det gir arealet CBE (merka ”II” i figuren). Sjå også figur 6.3 i Stiglitz der det er rekna ut på denne måten.

(I figur 3.15 er II eit like stort areal som I, slik at det strengt tatt ikkje er galt det som står der. Men areala er like fordi etterspørselskurva er lineær. Dersom e-kurva er krumma vil ikkje areala nødvendigvis vera like.)

Publisert 30. okt. 2009 15:48 - Sist endret 20. nov. 2009 13:27