STV1501 HAUST 2017

DEL I

Drøfting

Svar på anten spørsmål 1 eller spørsmål 2.

 

1) EUs institusjonar

Gjer greie for samansetjinga av Kommisjonen, (minister)rådet og Europaparlamentet, og forholdet mellom dei. Kva for rolle spelar desse tre institusjonane i vedtaksprosessane i EU historisk og etter at Lisboa-traktaten vart sett iverk? Drøft korleis og i kva grad Noreg kan påverke EUs vedtaksprosessar i EØS- og Schengensaker.

 

2) Austutvidinga og Tyrkia

Gjer kort greie for kriteria for EU-medlemskap. Samanlikn austutvidinga i 2004/2007 med prosessen fram mot eit mogleg medlemskap for Tyrkia. Drøft kvifor Tyrkia framleis ikkje er medlem av EU. I kva grad kan liberal intergovernmentalisme brukast til å forklare kvifor dei postkommunistiske landa er medlemar og Tyrkia ikkje?

 

Del II

Småspørsmål

Svar på tre av dei fire spørsmåla.

 

a) Gjer kort greie for folkeavstemmingar om medlemskap i EU. Skisser hovudargumenta for og imot fortsatt medlemskap i EU i samband med Brexit-avstemminga i 2016, og forklar utfallet av folkeavstemminga.

 

b) Kva er hovudelementa i tesen om andrerangsval (second order elections)? I kva grad gir dette framleis eit godt bilde av vala til Europaparlamentet?

 

c) Gjer kort greie for utviklinga av EUs interne klimapolitikk, med hovudvekt på EUs kvotehandelssystem (ETS).

 

d) Gjer greie for domstolens rolle i EU-systemet.

Publisert 2. nov. 2018 09:22 - Sist endret 2. nov. 2018 09:22