STV4333 – Sentral-Europa og Baltikum (tidlegare Sentral og Øst-Europa), 15 studiepoeng

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Formålet med emnet er å gje ei innføring i den nyare politiske historia i fem sentraleuropeiske og tre baltiske land. Sentrale tema er "revolusjonane" i 1989-1991, med særleg vekt på overgangen til demokrati, og dei postkommunistiske regima, herunder val institusjonelle løysingar, framveksten av partisystem og skiljeliner, og regjeringsmønster. Hovudvekta ligg på tida etter 1989.

Emnebeskrivelse (utfyllende informasjon om lover, regler og forskrifter tilnyttet emnet)

Kva lærer du?

Målet er at du skal få innsikt i dei politiske systema i Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Slovenia, Estland, Latvia og Litauen. Du vil også lære om den økonomiske overgangen, og tilnærminga til EU. Eit siste mål er å oppøve evna til å samanlikne på tvers av land.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Bachelorprogram i statsvitskap eller tilsvarande.

Anbefalte forkunnskapar

Bachelorprogram i statsvitskap eller tilsvarande.

Undervisning

Emnet går over 12 veker, med 10 dobbelttimar forelesingar og 2 dobbelttimar seminar.

Eksamen

Du blir vurdert ut frå ei heimeoppgåve over sjølvvald problemstilling (10-15 sider) og ein skriftleg eksamen (5 timar). Heimeoppåva og skriftleg eksamen blir vurdert kvar for seg, og begge må vera bestått. Det blir gjeve ein samla bokstavkarakter der karakterane frå heimeoppgåva og skriftleg eksamen tel likt.

Grunngjeving og klage

Fakta om emnet

Studiepoeng
15
Undervisning

Vår 2004

Eksamen

Vår 2004

Undervisningsspråk
Norsk