KRIS4206 – Karismatikk og pentekostale rørsler (Granseminar høyere grad)

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Forståinga av Den Heilage Ande har skiftande vekt i kyrkjehistorie - og i samtida. I dag er ulike såkalla pentekostale og karismatiske rørsler i framgang i mange land – særleg i den 3. verda (Afrika, Latin-Amerika, deler av Asia). Med pentekostale rørsler meiner ein det vi til dagleg kallar ”pinsekyrkjer” – også i vårt land. ”Karismatikk” pregar desse rørslene: Dei hevdar at Den Heilage Ande ytrar seg dels i livfulle gudstenesteformer, i oppglødde forsamlingar – og i særleg markante former som tungetale, tyding, lækjing, konfrontasjon med vonde ånder m.v. Slike karismatiske uttrykksformer gjer seg gjeldande i sterkare eller veikare former også i mange miljø innanfor ”historiske kyrkjer” som metodisme, baptisme. Lutherdom - og karismatiske rørsler er sterke innslag i katolske kyrkjer. Truleg er framgangsrike rørsler av dette slaget noko av dei viktigaste forandringane som skjer – iallfall når det gjeld omfang – innanfor den internasjonale kristenverda i dag.

Kva lærer du?

Studenten vil få kjennskap til karismatikk av dette slaget, – og diskusjonen rundt desse religiøse ytringsformene. Det vil bli lagt vekt på å forstå kvifor og korleis slike rørsler og ytringar bryt fram og om dei heng saman med sosiale, kulturelle og økonomiske forhold i fortid og notid. Det vil samtidig bli i lagt vekt på korleis pneumatologi gjer seg gjeldande og blir forstått på andre måtar - blant anna innanfor lutherske kyrkjer og den økumeniske rørsla. Og studentane vil få kjennskap til karismatiske ytringar også innan andre religionar.

Opptak og tilgangsavgrensing

For studenter med annen relevant faglig bakgrunn som søker enkelteemneopptak sendes kortfattet søknad til info@teologi.uio.no. Vennligst oppgi fødsel- og personnummer og fagbakgrunn. Søknad må foreligge i rimlig tid før fristen for semesterregistrering 1. februar/1.september.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Bachelor i teologi og kristendom eller tilsvarande. Enkeltemneopptak kan gis med anna relevant fagleg bakgrunn.

Undervisning

Undervisninga vil føregå på Granavolden Gjæstgiveri på Hadeland 6.-8.oktober. Lærarar ved fakultetet og inviterte ressurspersonar vil førelesa og diskutera. Studentane vil også arbeida i grupper.

Obligatoriske aktivitetar: Studenten skal førebu eit refleksjonsnotat på mellom 800 og 1600 ord over eitt av emna på Gran og levere det innan 1. november på ClassFronter. Kurset føreset deltaking heile tida på Gran.

Eksamen

30-minutters førebudd munnleg eksamen. Studenten får utlevert eit hovudspørsmål ein time før eksamen. Det er fullt høve til å ta med eventuelle notat som studenten har utarbeid i timen med førebuing.

Anna

All undervisning føregår på Granavolden Gjæstgiveri på Hadeland i perioden 6.-8. oktober. Det organiseras transport tur/retur Domus Theologica - Granavolden Gjæstgiveri. Granseminaret har ein eigendel på kr. 400,-.

Kursplan : (Med atterhald om endringar)

Onsdag:

  • Trond Skard Dokka: Eg trur på Den heilage Ande.
  • Turid Karlsen Seim: Det guddommelige åndedrett. Den Hellige Ånd i Det nye testamente.

Torsdag:

  • Berge Furre: Frå Azusa Street til St. Olavs gate: Historisk blikk på pinserørsla.
  • Dag Nygaard: Pinserørsla i Noreg i dag.
  • Lina Snoek: Pinsevekking og samfunnsendring. Eit eksempel frå Cuba.
  • Berge Furre: The Universal Church of the Kingdom of God.

Fredag:

  • Sturla Stålsett: Globaliseringens ånder. Er det en sammenheng mellom nyliberalisme og nypentekostalisme?
  • Nils Johan Lavik: Refleksjonar kring sekt og sinn.

Fakta om emnet

Studiepoeng
5
Undervisning

Høsten 2004

Eksamen

Høsten 2004

Undervisningsspråk
Norsk

Kontakt

TF-infosenter