Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

I veke 7 (12.-14. februar 2007) vil det bli arrangert temaveke for studentar på profesjonsstudiet i teologi og master i kristendomsstudiar. Temaveka er eit samarbeidsprosjekt med Det praktisk-teologiske seminaret. Dette vil òg vere eit etter- og vidareutdanningskurs for prestar og andre kyrkjeleg tilsette.

Kurset tek opp ulike problemstillingar i høve til stat og kyrkje, og går såleis rett inn i den aktuelle debatten om kva tilhøve kyrkja skal ha til staten. Temaet vil i særleg grad bli handsama ut frå aktuelle og framtidsretta perspektiv. Det såkalla Gjønnes-utvalet har teikna opp tre moglege modellar for Den norske kyrkja sitt tilhøve til staten. Kva vil konsekvensane vere av dei ulike modellane? Veit vi nok om konsekvensane av eit eventuelt skilje mellom stat og kyrkje? Er det mogleg å teikne nokre framtidsscenario med utgangspunkt i dei tre modellane som Gjønnes-utvalet trekkjer opp? Kva inneber det når vi seier at Den norske kyrkja er ei folkekyrkje? Kan kyrkja framleis vere folkekyrke om ho blir skilt frå staten? Treng kyrkja staten og treng staten kyrkja? Er statskyrkja umogleg å sameine med det fleirkulturelle samfunnet?

Kva lærer du?

Den norske kyrkja er prega av fleire viktige reformspørsmål. Eitt av desse er debatten om kva tilhøve kyrkja skal ha til staten. Kurset vil gje ei innføring i historiske, teologiske, ekklesiologiske og politiske problemstillingar i relasjon til temaet. Den historiske tilnærminga vil ikkje vere ei hovudsak i kurset, men tener til å gje ein naudsynt bakgrunn. Det vil bli kasta ljos over tendensar i høyringssvara i samband med Gjønnes-utvalets innstilling. Teologiske og ekklesiologiske perspektiv vil ha ein viktig plass i kurset. Fordi den framtidige ordninga av kyrkja sitt tilhøve til staten i stor grad vil bli bestemt av politikarane, vil kurset òg trekkje inn politiske perspektiv i handsaminga av spørsmålet.

Kurset vil leggje vekt på aktuelle og framtidsretta perspektiv. Dei forskjellige spørsmålsstillingane vil bli handsama gjennom førelesingar, samtalar og verkstadgrupper.

Program for dagene.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Kurset kan tas som etter- og videreutdanning.

Videreutdanning (med 10/5 studiepoeng): I tillegg til å delta på temauka, leser du et pensum og skriver en oppgave. Det koster 410,- (semesteravgift).
Etterutdanning: Kun deltakelse på konferansen. Ingen oppgaveskriving. Det gis da ingen studiepoeng. Kursavgift: 600,-

Ønsker du å ta kurset som etterutdannings- (uten eksamen og studiepoeng) eller videreutdanningskurs (med studiepoeng) kontakt Heidi Opsahl på tlf 22 85 03 96 eller på e-post

Påmelding må skje innen 10. januar 2007.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Gjennomført bachelorstudium med relevant fagleg fordjuping innanfor etikk-, religions- og kristendomsstudiar, eller tilsvarande. Andre søkjarar med bachelorgrad innanfor relevante fagområde vil kunne søkje enkeltemneopptak.

Undervisning

Undervisninga vil bli gjeven på temaveka 12.-14. februar 2007.

Obligatorisk aktivitet: Deltaking på temaveka.

Emnet er både eitt 5 og eitt 10 studiepoengsemne; ein kan berre velje ein av variantane.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Semesteroppgåve med sjølvvalt tematikk innanfor emnet.
For å ta emnet som 5 poeng, skriv du ei semesteroppgåve på 1500-2000 ord.
For å ta emnet som 10 poeng, skriv du ei semesteroppgåve på 3000-4000 ord.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Studenter som pga gyldig frafall (sykdom o.l.) ikke har kunnet gjennomføre ordinær eksamen, kan søke om å få avlegge utsatt eksamen. Utsatt eksamen arrangeres enten senere i samme semester eller tidlig i semesteret etter ordinær eksamen. Dokumentasjon på gyldig fravær må legges ved søknad om utsatt eksamen, jf § 5.5 i Forskrift om studier og eksamener ved UiO

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Anna

Kontaktperson: førstelektor Hallgeir Elstad (rom M103) tlf: 22850340, e-post: hallgeir.elstad@teologi.uio.no

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Vår 2007
Eksamen
Vår 2007
Undervisningsspråk
Norsk

Kontakt

TF-infosenter