TFF4212 – Tabu eller bølgje? Religion som teologisk og kyrkjeleg utfordring.

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Lenke til brosjyre med program for temaveka v2008
I veke 7 (11.-13. februar 2008) vil det bli arrangert temaveke for studentar på profesjonsstudiet i teologi og master i kristendomsstudiar. Temaveka er eit samarbeidsprosjekt med Det praktisk-teologiske seminaret. Dette vil òg vere eit etter- og vidareutdanningskurs for prestar og andre kyrkjeleg tilsette.

Temaveka har denne gongen tittelen ”Religion som teologisk og kyrkjeleg utfordring”. Moderne protestantisk teologi har ofte framstilt religion som noko vesensforskjellig frå kristendommen. I nyare teologi har fleire tatt til orde for at utgangspunktet heller må vere at kristendom er ein religion blant fleire andre. Dette skjer i ein kultursituasjon der det har blitt tydeleg for mange at religionen vender tilbake, både i form av ulike nyreligiøse strømmingar og i form av etablerte religionar som har blitt synlege i det offentlege livet. Det paradoksale er at mens nokre kyrkjer på fleire måtar har prøvd å avmytologisere bodskapen for å gjere det forståeleg for det moderne mennesket, har mystikk, magi og religiøse uttrykk gjort seg sterkt gjeldande i film, litteratur og andre (populær-) kulturelle uttrykk. Kurset vil prøve å sette ord på ein saksvarande teologi i ein slik kulturell situasjon og også tematisere forholdet mellom teologi og andre beslekta fagfelt som religionsvitskap og –historie.

Hva lærer du?

Kurset vil presentere nyare teologiske haldningar til omgrepet ”religion” og tematisere likskapar og forskjellar mellom religionsvitskaplege og teologiske innfallsvinklar til temafeltet. Kurset vil også framstille korleis ulike magiske og religiøse uttrykk har blitt tematiserte i ulike populærkulturelle uttrykk som film og musikk dei siste åra. Korleis kan kyrkja møte ei ny religiøs interesse utan å gå i forsvar eller bli pinleg berørt? Eit siste viktig temafelt er refleksjon over møte med konkrete etablerte religionar. Er utviklinga av ein religionsteologi (eller ein ”religionanes teologi”) den nye store teologiske utfordringa?

Opptak og adgangsregulering

Studenter må hvert semester søke og få plass på undervisningen og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikke allerede har studieplass ved UiO, kan du søke opptak til våre studieprogrammer, eller søke om å bli enkeltemnestudent.

I tillegg til å fungere som ordinært studieemne kan emnet tas som både etter- og videreutdanning.

Videreutdanning (med enten 5 eller 10 studiepoeng):
I tillegg til å delta på temauka, leser du et pensum, skriver et refleksjonsnotat og en semesteroppgave. Kursavgift er 1000,- pluss semesteravgift 410,-.

Etterutdanning (uten studiepoeng):
Kun deltakelse på temauka, ingen oppgaveskriving. Kursavgift: 1000,-.

Påmelding innen 15. januar for de som skal ta studiepoeng til e-post j.r.smestad@teologi.uio.no eller telefon 22 85 03 96.
For de som skal delta uten studiepoeng er påmeldingsfristen 1. februar

Forkunnskaper

Obligatoriske forkunnskaper

Ingen obligatoriske forkunnskaper utover generell studiekompetanse.

Undervisning

Undervisninga vil bli gjeven på temaveka 11.-13. februar 2007.
Til 10-poeng-varianten: Ei gruppe-vegleiing på utkast til semesteroppgåve.

Obligatorisk aktivitet:
Deltaking på temaveka.
Til 10-poeng-varianten: Innlevering av eit refleksjonsnotat til ein tekst, på ca. 1000 ord.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikke krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikke har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Semesteroppgåve etter val mellom nokre oppsette tema.
For å ta emnet som 5 poeng, skriv du ei semesteroppgåve på 1500-2000 ord.
For å ta emnet som 10 poeng, skriv du ei semesteroppgåve på 3000-4000 ord.

Hjelpemidler

Ingen hjelpemidler er tillatt.

Eksamensspråk

Du kan besvare eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgavetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet bruker karakterskala fra A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les mer om karakterskalaen.

Begrunnelse og klage

Adgang til ny eller utsatt eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadskjema, krav og frist for tilrettelagt eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Vår 2008
Eksamen

Våren 2008

Undervisningsspråk
Norsk

Kontakt

TF-infosenter