Informasjon om eksamen og vurderingskriterier

Eksamensordningen i NDID4001 – Munnlege og skriftlige ferdigheiter i norskfaget

Munnleg eksamen på 30 minutt. Det vert gjeve 30 minutt førebuingstid, der du skal førebu eit svar på ei oppgitt problemstilling. Alle hjelpemiddel er tilgjengelege i førebuingstid og under eksaminasjonen kan du ha med notatark. Eksaminasjonen vil ta utgangspunkt i den oppgjevne problemstillinga, men han vil òg røra andre faglege tema i emnet.

Utfyllande informasjon

Til munnleg eksamen skal du visa at du kan drøfta faglege problemstillingar knytt til arbeidet med elevar sine munnlege og skriftlege ferdigheiter i norskfaget. Du skal visa innsikt i og forståing av pensumtekstane i emnet, kunne sjå dei i samanheng med kvarandre og kunne problematisera og kritisera tekstane på eit fagleg grunnlag. Du skal òg kunna diskutera kva for ein relevans generelle teoriar og internasjonal forsking om munnlege og skriftlege ferdigheiter har for norskfaget i dag.

Problemstillinga kan vera av ei meir generell art eller ta utgangspunkt i ein bestemd pensumtekst. Den kan òg relaterast til ei elevtekst, som du vil få utdelt saman med problemstillinga.

Vurderingskriterier

Karakter

UiO sin definisjon

Fagspesifikke kriterier

A

Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

Svaret på den oppgjevne problemstillinga er framifå. Kandidaten viser svært godt oversyn over og forståing av tematikken i emnet. Pensumlitteraturen vert nytta på ein svært sjølvstendig og kritisk måte i dei faglege diskusjonane. Framstillinga er klår, presis og velstrukturert, med nyansert bruk av fagomgrep.

B

Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

Svaret på den oppgjevne problemstillinga er særs godt. Kandidaten viser særs godt oversyn over og forståing av tematikken i emnet. Pensumlitteraturen vert nytta på ein sjølvstendig og kritisk måte i dei faglege diskusjonane. Framstillinga er klar og presis, med nyansert bruk av fagomgrep.

C

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

Svaret på den oppgjevne problemstillinga er godt. Kandidaten viser godt oversyn over og forståing av dei sentrale temaa i emnet. Hovudpoenga frå pensumlitteraturen vert presentert på ein sjølvstendig måte, og kandidaten har nokre kritiske refleksjonar. Framstillinga er for det meste klar, med relevant bruk av fagomgrep.

D

Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.

Svaret på den oppgjevne problemstillinga er akseptabelt. Kandidaten viser ei akseptabel forståing av sentrale tema i emnet, men viser òg tydelege teikn på manglande oversyn. Poeng frå pensumlitteraturen vert presentert med ein viss grad av sjølvstende. Framstillinga er forståeleg, men upresis. Fagomgrep vert brukt i nokon grad.

E

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

Svaret på den oppgjevne problemstillinga tilfredsstiller minimumskrava. Kandidaten viser kjennskap til og ei viss forståing av dei meste sentrale temaa i emnet, men har lite oversyn ut over dette. Poeng frå pensumlitteraturen vert presentert utan nokon klare sjølvstendige perspektiv eller kritisk distanse. Framstillinga er stort sett forståeleg, men viser òg klare feil og mistydingar. Fagomgrep vert brukt i liten grad.

F

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende..

Svaret på den oppgjevne problemstillinga tilfredsstiller ikkje minimumskrava. Kandidaten viser ingen eller berre fragmentarisk kjennskap til og forståing av tema i emnet. I dei tilfella som pensumlitteraturen eventuelt vert til referert, er det utan sjølvstende og kritisk distanse. Framstillinga er uklar og vert dominert av feil og mistydingar.

Publisert 26. feb. 2019 12:48 - Sist endret 24. mai 2019 13:10